Horten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0701 |
Fylke: | Vestfold |
Administrasjonssenter: | Horten |
Flatevidd: | 69 km² |
Folketal: | 24 871 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.horten.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Nils Henning Hontvedt (Ap) 2004 |
Horten er ein bykommune ved vestfoldskysten som ligg mellom Holmestrand i nord, og Tønsberg i sør.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Kommunen har rundt 40 km kystline mot Oslofjorden, med kyststi og fleire store friområde. Han inkluderar tettstadane Horten, Borre, Nykirke, Åsgårdstrand og Skoppum.
Kommunane Borre og Åsgårdstrand blei slått saman i 1965. Borre og Horten kommunar blei slått saman i 1988. Fram til 1. juni 2002 heitte kommunen Borre.
[endre] Historie
Det er funne spor i kommunen etter busetjingar heilt tilbake til steinalderen. Borrehaugane ber vitne om at kommunen var eit maktsenter i vikingtida.
Frå 1582 var Horten ferjestad mellom Horten og Moss.
Byvåpenet til Horten var det fyrste byvåpenet kong Håkon VII godkjente. Det skjedde i 1907.
[endre] Kultur
[endre] Utdanning
Høgskolen i Vestfold ligger på Bakkenteigen, midtvegs mellom Åsgårdstrand og Horten by. Høgskolen har eit tett samarbeid med fleire av elektronikkbedriftene i kommunen, og med Befalsskulen for Sjøforsvaret som ligg i Horten by.
[endre] Kyrkjer
Det finst fleire kyrkjer i kommunen, mellom anna Løvøykapellet frå mellomalderen og Horten kyrkje.
[endre] Idrett
Fotballklubbane Ørn-Horten og Falk kjem frå Horten.
[endre] Kjende hortensarar
- Francis Hagerup (1853-1921), politikar og statsminister
- Astrid Tollefsen (1897-1973), diktar
- Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985), diktar
- Vidar Lønn Arnesen, programleiar
- Kurt Aust, opphavleg dansk forfattar
- Per Bredesen, norsk fotballspelar
- Grete Kausland, skodespelar og songar
- Jørgen Kosmo, politiker og stortingspresident
- Rolv Wesenlund, skodespelar og moromann
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
|