Kristian IV av Danmark-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk konge: | 1588-1648 |
Dansk konge: | 1588-1648 |
Valspråk: | Fromhet styrker riket |
Etterfylgde | Frederik II |
Vart etterfylgd av: | Frederik III |
Fødedato: | 1577 |
Fødestad: | |
Dødsdato: | 28. februar 1648 |
Dødsstad: | Rosenborg slott i Danmark |
Gift med: | Anna Kathrine |
Born: | 24 born |
Kristian IV (på dansk Christian IV) eller Kristian Kvart (òg skrive «Quart»), var son av kong Fredrik II av Danmark-Norge og dronning Sofie av Mecklenburg, og tilhøyrde den oldenborgske slekta. Kristian IV var konge av Danmark-Norge frå 1588 til 1648. Kristian var knappe elleve år då faren døydde. Difor utnemnde det danske riksrådet ei formyndarregjering som vart sett saman av fire riksrådsmedlemer. Fyrst i 1596 vart Kristian krona til konge. Formelt var Kristian IV konge i 60 år, i røynda berre i 52 år. Han fekk i alt 24 born, seks av desse fekk han med Anna Cathrine av Brandenburg som han gifta seg med i 1597. Mellom desse borna var den framtidige kongen, Fredrik III av Danmark-Norge.
Allereie før dronninga døydde i 1612 hadde kongen innleia eit forhold til Kristen Madsdatter, som han fekk eit barn med. Kort tid etter vart Karen Andersdatter kongen si nye elskarinne. Med henne fekk Kristian tre born. Kongen fekk tolv born med Kirsten Munk, som han var «gift med til venstre hånd», mellom anna Leonora Christina, som allereie i ein alder av 15 år vart gift med den namnkunnige Corfitz Ulfeldt. Kongen og Kirsten sitt mangeårige og stormfulle forhold enda med at han skulda henne for utruskap og for å forsøkja å forgifta han, og han lét seg skilja frå henne. Etter 1629 levde Kristian saman med Vibeke Kruse, som han fekk to born med.
Kristian IV er i Noreg kjend som grunnleggjar av byen Christianssand eller Kristiansand, grunnlagd 1641. Konningsberg (Kongsberg) vart grunnlagt av Kristian IV i 1624 etter at det var funne sylv der året før. Då Oslo brann, flytta han byen nærare Akershus festning. I 1624 fekk Oslo namnet Christiania. Kristian IV er rekna å vera den av dei dansk-norske kongane som hadde mest interesse for Noreg. Mellom anna føretok han ei reise heilt nord til Finnmark for å markera riksgrensa i nord. Kristian den fjerdes norske lov er eit sett med lover som kongen lét gjelda for Noreg frå den 4. desember 1604.
Kristian IV døydde den 28. februar 1648 på Rosenborg slott i Danmark og vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje. Han vart etterfylgd av sonen Fredrik III.
Kristian IV sine born med dronning Anna Cathrine:
- Frederik - 1599
- Kristian den udvalgte prins Christian 1603
- Sofie 1605
- Elisabeth 1606
- Fredrik 1609 (seinare Fredrik III)
- Ulrik 1611
Kristian IV sitt barn med Kirsten Madsdatter:
- Ulrik Kristian Gyldenløve 1611
Kristian IV sine born med Karen Andersdatter:
- Dorothea Elisabeth Kristiansdatter 1613
- Hans Ulrik Gyldenløve 1615
Kristian IV sine born med Kirsten Munk:
- Anne Cathrine Kristiansdatter 1618 gm Frands Rantzau
- Sofie Elisabeth Kristiansdatter 1619 gm. Christian von Pentz
- Leonora Kristina Kristiansdatter 1621 gm Corfitz Ulfeldt
- Valdemar Kristian 1622
- Elisabeth Augusta Christiansdatter 1623 gm Hans Lindenov
- Frederik Kristian 1625
- Kristiane Kristiansdatter 1626 gm Hannibal Sehested
- Hedevig Kristiansdatter 1626 gm Ebbe Ulfeldt
- Marie Cathrine Kristiansdatter 1628
- Dødfødd
- Dødfødd
- Dorothea Elisabeth Kristiansdatter 1629
Kristian IV sine born med Vibeke Kruse:
- Ulrik Kristian Gyldenløve 1630
- Elisabeth Sofie Kristiansdatter 1633