Kloakkdyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kloakkdyr |
||||
---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||
|
||||
Artar | ||||
Ornithorhyncus anatinus |
Kloakkdyr (Monotremata) er ein biologisk orden og underklasse av primitive pattedyr. Gruppa omfattar to familiar, nebbdyr og maurpinnsvin, og er utbreidd i Australia, på Tasmania og i Ny-Guinea. Evolusjonsmessig er desse dyra nærare krypdyra enn andre pattedyr, mellom anna legg dei egg og har kloakk – ei felles kroppsopning for ekskresjon og formeiring. Sjølv om dei høyrer til pattedyra manglar kloakkdyra patter; mjølkekjertlane skil mjølka ut direkte gjennom huda.