Kiribati
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Te Mauri, Te Raoi ao Te Tabomoa (helse, fred og rikdom) | |||||
Offisielle språk | Engelsk og kiribatisk | ||||
Hovudstad | Sør-Tarawa | ||||
Styresett |
Republikk Anote Tong |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
811 km² (187.) 0% |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2001) - Tettleik |
103 092 (178.) 91 985 127/km² (60.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
12. juli 1979 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
243 mrd. USD (179.) 2 591 USD (128.) |
||||
Valuta | Australsk dollar | ||||
Tidssone | UTC +12-14 | ||||
Nasjonalsong | Teirake Kaini Kiribati | ||||
Nasjonaldag | 12. juli (sjølvstendedag) | ||||
Internasjonal telefonkode | +686 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ki | ||||
Kiribati er ein republikk sett saman av 32 atoll og ei vulkanøy fordelt på 3.500.000 km² hav nær ekvator. Øystaten ligg tvers over datolinja midt i Stillehavet, sør for Marshalløyane og Hawaii og nord for Tuvalu, Samoa, Cookøyane og Fransk Polynesia. Dei fleste av øyane ligg i Mikronesia medan nokre tilhøyrer Polynesia.
Namnet på landet blir uttala /kiribas/ og er ein kiribatisk uttale av det engelske namnet Gilberts, som tidlegare blei brukt om den viktigaste øygruppa.
Kiribati kan delast inn i tre hovudøygrupper og ei isolert vulkanøy vest for Banaba. Kvar av dei 21 bebudde øyane har eit lokalstyre som står for dagleg drift. Hovudøya Tarawa har tre styre: Betio, Nord-Tarawa og Sør-Tarawa, som er hovudstad i landet.
[endre] Historie
I 2000 år budde ei mikronesisk folkegruppe som snakka det same oseanske språket på øygruppa. Dei kom i kontakt med europearar i 1788, då den britiske kapteinen Thomas Gilbert segla gjennom øygruppa.
I 1892 blei Gilbert-øyane eit britisk protektorat saman med Ellice-øyane i nærleiken. Dei blei ein koloni i 1916 og fekk endeleg sjølvstende i 1971.
Ellice-øyane braut så ut som den sjølvstendige staten Tuvalu i 1978, og Kiribati følgde med sjølvstende den 12. juli 1979.