Ekvator
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekvator er ei tenkt linje rundt ein planet midtvegs mellom polane der overflata er parallell med planeten sin rotasjonsakse. Ekvator deler overflata av planeten inn i den nordlege halvkula og den sørlege halvkula. Breiddegrada ved ekvator er per definisjon 0°. Jorda sin ekvator er omtrent 40 070 km lang.
[endre] Land under ekvator
Ved ekvator er alle dagar omtrent 12 timar lange. Klokka 12 ved vår- og haustjamdøgn står sola rett over hovudet. Landa som ligg under ekvator har som oftast tropisk klima.
- São Tomé og Príncipe - ekvator går gjennom den vesle øya Ilhéu das Rolas
- Gabon
- Kongorepublikken
- Den demokratiske Kongorepublikken
- Uganda
- Kenya
- Somalia
- Maldivane (gjennom landet)
- Indonesia: Sumatra og småøyane Pini og Lingga i nærleiken
- Borneo
- Sulawesi
- Halmahera
- Gilbertøyane
- Phoenixøyane - på kanten av øya Baker
- Lineøyane - på kanten av øya Jarvis
- Galapagosøyane - gjennom øya Isabela
- Ecuador, som er oppkalla etter ekvator
- Colombia
- Brasil