Jupitermånen Amalthea
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galileobilde av Almathea |
|
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagar | E. Barnard |
Oppdaga dato | 1892 |
Baneparametrar | |
Middelradius | 181 400 km |
Eksentrisitet | 0,0031 |
Omløpsperiode | 11t 57,4m |
Banehelling | 0,388° |
Er ein satellitt til | Jupiter |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 166,9 km |
Overflateareal | km2 |
Masse | 7,43·1018 kg |
Middeltettleik | 1,8 g/cm3 |
Overflategravitasjon | 0,066 m/s2 |
Overflategravitasjon (Jorda = 1) |
0,00673 |
Rotasjonsperiode | 11t 57,4m |
Aksehelling | ukjend |
Albedo | 0,05 |
Overflatetemp. | ukjend |
Atmosfærisk trykk | 0 kPa |
Amalthea er ein av månane til planeten Jupiter. Han blei oppdaga 9. september 1892 av Edward Emerson Barnard, som den siste månen som blei oppdaga ved direkte observasjon — alle jupitermånar som er oppdaga sia, har blitt fotografert før det fyrste menneskelege auget så dei. I mange år hadde Amalthea ikkje noe offisielt namn, kun Jupiter V; den femte månen til Jupiter, etter det nummereringssystemet som Galileo Galilei innførte da han oppdaga dei fire galileiske månane. Fyrst i 1975 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen å oppkalle han etter nymfa Amalthea frå den greske mytologien, sjølv om namnet blei foreslått av Camille Flammarion og bruka uoffisielt i fleire tiår før det offisielle vedtaket.
Amalthea er den største av fire månar som krinsar i trange banar tett kring Jupiter, og under eitt omtalast dei som amaltheagruppa. Månen er ein irregulær, kraftig raud blokk av is eller frosne gassartar; enda meir raud enn planeten Mars. Avhengig av kvar ein måler han, har Amalthea ei utstrekking på mellom 150 og 270 kilometer, og overalt på denne lille kloden kan ein sjå talrike krater som er temmelig store i forhold til den lille månen: Det største kallast Pan, og er 100 kilometer i diameter og 8 kilometer djupt, mens eit anna, kalt Gæa, er 80 kilometer i diameter og kanskje dobbelt så djupt som Pan. Langs kraterkantar og andre ujamnheiter sjåast noen svært grøne partier på overflata, men ein veit ikkje noe om kva dei skyldast.
Den uregelmessige fasongen fikk astronomane til å gjette på at Amalthea er ein temmelig solid klippeblokk; viss han bestod av is eller tilsvarande svake material, ville hans eigen tyngdekraft ha dratt han saman til noe nærmare kuleform.
Mot slutten av ferda til romsonden Galileo sendte ein sonden tett forbi Amalthea for å sjå kor mye tyngdekrafta til månen ville avbøye banen til sonden, og derved bestemme massen hans. Samanlikna med månens volum fikk ein ein overraskande låg tettleik, omtrent det same som vassis: Anten er Amalthea ein solid klump is, eller så er han ein svært laus «grushaug» med ein masse tomme mellomrom mellom «gruspartiklane». Nye observasjonar gjort med Subaru-teleskopet tyder på at Amalthea faktisk består av is. I så fall er han ikkje skapt i den omløpsbanen han har nå, for i ei fjern fortid har Jupiter vært temmelig varm, og ville ha smelta ein sånn ismåne. Derfor gjettar ein på at det er tale om ein innfanga småplanet.
Som alle dei andre medlemene av amaltheagruppa har Amalthea bunden rotasjon, dvs. han dreiar om seg sjølv nøyaktig like raskt som han krinsar om Jupiter, med det resultatet at den ene av dei «lange endane» til månen alltid peikar mot Jupiter. På same måte som jupitermånen Io sender Amalthea meir varme ut enn han mottar frå sola, og ein reknar med at dette skyldast den elektriske straumen som skapast når Amalthea beveger seg gjennom magnetfeltet til Jupiter.
Jupitermånen Amalthea må ikkje forvekslast med småplaneten 113 Amalthea