Galileo Galilei
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galileo Galilei (født 15. februar 1564 i Pisa, død 8. januar 1642 i Firenze) var ein italiensk filosof, fysikar og astronom.
Innhaldsliste |
[endre] Oppveksten
Faren til Galilei, Vincenzo, var musikar og ville at sonen skulle bli det same. Da Galilei vaks opp blei økonomien til familien dårlegare og foreldra bestemte seg for at sonen skulle satse på ei karriere innan medisin.
Galilei hadde ikkje noen interesse for medisin, men var veldig interessert i mekanikk og matematikk. Han blei sannsynlegvis interessert i dette ved at han begynte å studere musikkinstrumenta til faren. Interessa hadde au vori i familien tidlegare. Han begynte spesielt å interessere seg for eksperiment.
[endre] Forsking
Galileo Galilei la grunnlaget for den eksperimentelle vitskapen. Han var overbevist om at naturlovene ikkje var så kompliserte som kyrkja og andre samtidige vitskapsmenn påstod. Han meinte at det var mogleg å bevise hypoteser om naturen gjennom eksperiment og testar i verkelegheita. Dessutan hevda han at om ein kunne bevise at ein teori stemte i verkelegheita så var alle andre teoriar feil. Dette var spesielt kyrkja misfornøgde med. Ein del av dei seinare oppdagingane til Galilei var i strid med standpunkta til kyrkja i samtida hans.
[endre] Fysikk
Under studietida si satt han ein gong i katedralen i Pisa under ei lang messe. Han observerte eit røykelseskar som svinga fram og tilbake, og at tida mellom svingningane var den same ved store og små svingingar. Han gikk så heim og eksperimenterte med ulike pendlar, og formulerte ein teori om rørsler for pendlar. Etter studiene arbeidde han som lærar og professor i matematikk ved Universitetet i Pisa og Padova. Frå 1610 arbeidde han hos storhertugen i Toscana.
I 1609 hadde ein optikar i Nederland konstruert ein moderne kikkert. Galilei blei interessert i tanken om at ein kunne forstørre noe som var på lang avstand, og fann ut at han skulle bygge ein kikkert. Ved hjelp av teikningar frå Nederland lagde han ein forbedra type. Konstruksjonen hans fungerte, og det blei ein kikkert som forstørra åtte gonger. Etter ei tids arbeid kunne den forstørre 33 gonger, og Galilei retta han mot himmelen. Der oppdaga han noko som skulle komme til å påverke han sterkt.
[endre] Astronomi
Med kikkerten kunne Galilei observere eit stort tal stjerner. Han observerte au Venus i ulike fasar, solflekkar, fjell og krater på månen, noe mystisk rundt Saturn og fire av månane til Jupiter. Observasjonane gjorde han overbevist om at det heliosentriske verdsbildet var det rette.
[endre] Bøker
Boka med tittelen «Dialog om dei to verdssystema» som han gav ut i 1632, skapte kaos og i 1633 blei han stilt for ein domstol. Han blei da tvinga til å legge bort alt omkring den «feilaktige læra». Pave Urban VIII beskytta han og gav han ein mild straff på grunn av hans alder og sjukdom. Han fikk husarrest resten av livet. Men Galilei fortsatte arbeidet sitt og gav i 1638 ut boka «Samtale og matematiske demonstrasjonar om to nye vitskapar», der han skreiv ned dei fysiske teoriane sine. Desse la grunnlaget for det seinare arbeidet til Isaac Newton.