Pakistan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Urdu: Iman, Aktad, Nizam ("Tru, eining, disiplin") | |||||
Offisielle språk | Urdu og engelsk | ||||
Hovudstad | Islamabad | ||||
Styresett |
Republikk Pervez Musharraf Shouqat Aziz |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
803 940 km² (34.) 3.1% |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2003) - Tettleik |
162 419 946 (6.) 150 694 740 202/km² (38.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
14. august 1947 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
$392,526 milliardar (26.) 2 567 USD (129.) |
||||
Valuta | Pakistansk rupi | ||||
Tidssone | UTC +5 | ||||
Nasjonalsong | Pak Sar Zameen Shaad Baad | ||||
Nasjonaldag | 23. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +92 | ||||
Nasjonale toppdomene | .pk | ||||
Den islamske republikken Pakistan (urdu: پاکستان), eller berre Pakistan, er eit land i Sør-Asia med grense til India, Iran, Afghanistan og Kina og kyst til det arabiske havet. Landet har knapt 160 millionar innbyggjarar, og er det sjette folkerikaste i verda. Det er det andre største muslimske, etter Indonesia.
Pakistan blei til i 1947, då det blei skild ut frå Britisk India, som då skulle bli det sjølvstendige India. Namnet Pakistan tyder «det skire landet», og det var meint å bli ei rein muslimsk stat. Delinga av India og Pakistan førte til at millionar av menneske måtte kryssa grensa til det landet dei etter religionen sin skulle høyra til. Likevel blei nokre hinduar att i Pakistan, og ein stor del muslimar igjen i India.
Aust-Pakistan reiv seg laus i 1971 og blei til Bangladesh.
[endre] Klima
Tharørkenen dekkar dei austlege områda av Pakistan, og er eit svært tørt og varmt område. Mai er den varmaste månaden og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen varierar frå 35 ºC i Karachi ved kysten til 42 ºC i Hyderabad. Jacobabad har målt heile 52 ºC, som er det varmaste som er målt i Asia. Karachi har ein normal årsnedbør på 198 mm. Dei sentrale områda får dermed merke monsunen i større grad, og i Islamabad er den årlege nedbørsnormalen 961 mm.
Låglanda lengst nord i Pakistan kan få frost og ein god del tåke om vinteren, og som i Kashmir like ved kjem det nedbør både om vinteren og sommaren. Dei høge fjella i Kashmir og dei andre nordvestlege områda får monsunen seint på året, og det kjem ofte snø om vinteren. Peshawar, som ligg i nordvest, har ein årleg nedbørsnormal på 344 mm.
[endre] Sjå au
Sør-Asia |
Bangladesh | Bhutan | India | |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |