Heidrunfeltet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidrunfeltet er eit olje- og gassfelt på Haltenbanken i den norske sektoren av Norskehavet, om lag 175 km vest for Kristiansund. Det er blitt utbygd av oljeselskapa Conoco og Statoil. Statoil er operatør for feltet.
Feltet blei funne i 1985 og blei opna i oktober 1995. Olja på Heidrun blir overførd til tankskip på feltet og skipa til Mongstad og Tetney i Storbritannia. Naturgassen går i røyrleidningar til Tjeldbergodden og Kårstø. Feltet er bygd ut med ei flytande strekkstagsplattform i betong, Heidrun TLP.
Det er den storproduserande geita Heidrun i norrøn gudetru som har gjeve namn til feltet.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- http://home.online.no/~bjaholte/andra.htm
- The NPD's fact-pages. Field HEIDRUN. Fakta om Heidrun, Oljedirektoratet
- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2005. Nettversjon
- Fakta om Heidrun på http://www.statoil.com
- Heidrun field development Informasjon om Heidrun- plattformen