Tjeldbergodden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjeldbergodden (òg stava Kjeldbergodden eller Kjellbergodden) er eit område i Aure kommune på Nordmøre. Området vart i løpet av 1990-åra bygd ut som industriområde. Statoil har bygd ut mottaksanlegg for naturgass frå Heidrunfeltet. Naturgassen vert mellom anna nytta i ein metanolfabrikk. Det ligg føre planar om bygging av eit gasskraftverk på området. Naturgassen vert førd i land gjennom transportrøyret Haltenpipe.
[endre] Lenkjer ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |