HDMI
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
High-Definition Multimedia Interface (HDMI) er eit breibandsamband (5 Gbit/s) som kan overføra både digital audio og video over same kabel. Ein kompakt 19-pinnar, 21 mm brei, kontakt vert nytta. Sjølv om det meste av kapasiteten vert nytta for å overføra digital video er det plass til 24-bit digital audio med tasterater opp mot 192 kHz. Om ein nøyer seg med ein tasterate på 96 kHz er det plass til 8 kanalar. Ein enkelt kabel vil difor vera nok i dei fleste systema.
For å forhindra kopiering vert datastraumen kryptert med High-bandwidth Digital Content Protection (HDCP). HDMI støttar og Consumer Electronics Control (CEC) og AV.link protokollane, så det vil ikkje vera behov for separate kontrollkablar mellom dei forskjellege komponenta.
HDMI har brei støtte frå industrien og vil truleg spela ein viktig rolle for overgangen til ei heildigital attgjevingskjede. Spesielt i samband med multikanalsystem vil det vera eit føremon å samla alle signala i ein kabel.
[endre] Sjå òg
[endre] Ekstern lenkje
Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over elektronikkspirer. |