AES3
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AES3 (tidlegare AES/EBU) er eit profesjonelt interface, standardisert av The Audio Engineering Society (AES) og The European Broadcasting Union (EBU) på midten av åttitalet. Det vert nytta for å overføra to digitale audiokanalar med opp til 24-bit ordlengd og ein maksimum tasterate på 48 kHz. Det fysiske sambandet nyttar balansert overføring over tvinna parkabel, med XLR-kontaktar, og kan nyttast for avstandar opp mot 100 m. Sjølv om AES3 opphavleg var tenkt for ein maksimum tasterate på 48 kHz, kan sambandet nyttast for tasterater opp til 96 kHz om ein nyttar gode sendarar og mottakarar.
[endre] Sjå òg
Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over elektronikkspirer. |