Gray
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gray er ei avleia SI-eining for måling av absorbert strålingsdose av ioniserande stråling. Éin gray er absorberinga av ein joule strålingsenergi per kilogram masse. Ein gray tilsvarar òg 100 av den eldre eininga rad. Symbolet for gray er Gy.
Eininga blei definert i 1975 og fekk namn etter Louis Harold Gray (1905-1965), som kom med ein liknande definisjon: "mengden av nøytronstråling som fører til ein energiauke i ei volumeining av vev lik energiauken i ei volumeining vatn av ein röntgen stråling" i 1940.
Gray blir særleg brukt innan medisin, til å måla absorbert strålemengde innan strålingterapi. Men grayen målar bare dei fysiske effekten av stråling. Den biologiske verknaden kan variera etter kva stråletype, kva energi og kva organismar og vevtypar som er involverte. Eininga sievert er tilpassa denne problemstillinga.
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |