Watt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Watt (med symbol W) er ein SI-avleia eining for måling av effekt. Den er lik ein joule per sekund (1 J/s), eller ein volt ampere (1 V·A) i elektriske einingar.
Watt er raten i joule per sekund som energi vert konvert, brukt, eller går tapt.
- Formlar: W = J·s-1 = N·m·s-1 = kg·m2·s-3 = V·A
Eininga watt er oppkalla etter James Watt for bidraga til utviklinga av dampmaskina, og vart teken i bruk av den andre kongressen til British Association for the Advancement of Science i 1889 og av den 11. Conférence Générale des Poids et Mesures i 1960.
[endre] Sjå òg
- SI-systemet
- kilowattime (kW·h)
- konvertering av einingar
- konvertering av krafteiningar
- James Watt
- RMS
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |