Fiskeri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiskeri er eit samlenamn for fiske etter ein art av ulike båttypar. Du finn såleis torskefiskeri, sildefiskeri og så bortetter. I dei norske fiskeria (fiske etter alle artar) vart det i 2004 landa over 2,5 millioner tonn, til ein førstehandsverdi på 10,38 milliardar kroner. Omtrent 90% av norsk landa kvantum blir eksportert. Dei viktigaste fiskeria rekna etter økonomisk verdi er fisket etter sild og etter torsk. I 2004 var førstehandsverdien av fisket etter torsk 2,78 milliardar kroner, og verdien av sildefiskeriet var 2,02 milliardar.
I 2004 var det 12 677 personar som hadde fiske som hovudyrke, medan 2909 hadde fiske som attåtnæring fordelt på 8 804 båtar. Dette er ein kraftig nedgang sidan 1994. Då var det 16 442 som hadde fiske som hovudyrke og heile 6 478 som hadde fiske som attåtnæring, fordelt på 15 206 båtar.
Fiskeri, saman med havbruk, er ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg. I 2004 vart det eksportert sjømatprodukt for 28,2 milliardar kroner. Dette er fordelt ganske jamnt mellom villfanga fisk og oppdrettsfisk. Japan, Russland og Frankrike var dei største mottakarane av norske sjømatprodukt. Kvart av desse landa importerte norsk sjømat for rundt 2,5 milliardar kroner.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |