Domenico Scarlatti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domenico Giuseppe Scarlatti (født 26. oktober 1685, død 23. juli 1757) var ein italiensk komponist frå den barokke perioden.
Son av Allesandro Scarlatti, ein annan kjent italiensk barokkomponist.
Truleg fekk han den første musikkopplæringa av far sin. Han fekk den første stillinga si som organist i hoffet til visekongen i Napoli i 1701.
Scarlatti var ein særs god cembalist, og ei (noko tvilsam) historie skal ha det til at han duellerte med Georg Friedrich Händel i Roma i 1708. Der vart, etter sigande, Scarlatti utropt til vinnar på cembalo, medan Händel var hakket kvassare på Orgel.
I 1721 reiste Scarlatti til Portugal, for å være musikklærar hjå det portugisiske hoff, og mellom oppgåvene der underviste han prinsesse Maria Barbara. I 1725 reiste han attende til Napoli, og i 1728 gifta han seg der med Maria Caterina Gentili. Men då prinsesse Maria Barbara gifta seg med den spanske kronprinsen i 1729, spurte ho om Scarlatti kunne koma til Spania for å være musikkmeistar hjå det spanske hoffet. Scarlatti tok med seg familien, og budde i Sevilla fram til 1733, då han flyta til Madrid. Etter at Maria Caterina døydde, gifta Scarlatti seg om att i 1739 med spanske Anastasia Maxarti Ximenes.
Sjølv om Scarlatti skreiv både operaverk og kyrkjemusikk, so er han først og fremst kjent for sine 555 cembalosonatar (eller klaversonatar). Desse er truleg alle skrivne medan han arbeida for Maria Barbara, og truleg er mange skrivne som øvingsstykker for henne.
Sonatane til Scarlatti er virtouse, dei er fulle av brå overgangar, lange sprang, ofte med kryssande hender, og han bruker ofte dissonante akkordar. Dissonansane er so ”moderne”, at dei vart tekne vekk i utgåver av notane som vart utgitte på slutten av 1800-talet.
Scarlatti vert rekna som skaparen av moderne klaverteknikk. Rett nok er sikkert dei fleste av sonatane skrivne for cembalo, men det moderne klaveret vart utvikla i gjennom 1700-talet, og han har truleg hatt tilgang til det og.
Innspelingar av Scarlatti-sonatar:
Pierre Hentai, Cembalo
Kenneth Weiss, Cembalo
Sveinung Bjelland, Piano
Naxos spelar inn ein komplett serie, Piano
Notar
Komplett sett finst på [1]