Det norske sametinget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sámediggi, det norske sametinget, er det øvste organet til samane i Noreg, og har som oppgåve å representera interessane deira. Tinget har i 2005 43 representantar, vald frå 13 valkrinsar over heile landet, av veljarar som står oppført i samemanntalet. Sjølve sametingsbygget ligg i Karasjok.
I tillegg til det norske sametinget finst det også eit svensk og eit finsk sameting, som på ulike måtar skil seg frå det norske sametinget. Dei nordiske sametinga samarbeider i Samisk parlamentarisk råd, som vart oppretta i 2000. Dei russiske samane har observatørstatus i Samisk parlamentarisk råd.
Vedtaket om at Sametinget skulle opprettast i Noreg blei gjort i 1987, då Stortinget vedtok Sameloven (Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold). Sametinget erstatta Nordisk sameråd. Det blei første gong opna den 7. oktober 1989 av kong Olav, etter at representantar var blitt valde parallelt med stortingsrepresentantane.
Alle som står på samemanntalslista kan veljast inn på tinget, som samlar seg fire gonger i året. Det blir leia av Sametingsrådet, sett saman av ein president, visepresident og tre andre medlemmer som er valde frå sametingsrepresentantane.
Innhaldsliste |
[endre] Oppgåver
Tinget har lita reell makt, men skal få uttala seg om saker som gjeld samane. Det er meint å skulla ha ein leiande rolle i den politiske utviklinga av framtida til minoritetsgruppa. Det skal òg fungera som ein representant for det samiske folket ovanfor styresmaktene og den ikkje-samiske majoriteten i Noreg. Sametinget distribuerer årleg ei støtte på 83,4 millionar kroner til samisk kultur-, språk-, utdannings- og næringsføretak.
[endre] Fagkomitéar
Sametinget har fire fagkomitéar.
- Kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Plan- og finanskomiteen
- Oppvekst- og utdanningskomiteen
- Nærings- og kulturkomiteen
[endre] Sametingsval
Valet til tinget foregår same dagen som Stortingsvalet, som eit direkte val utført av dei som står i Samemanntalet. For å stå der må nokon rekna seg som same, og i tillegg anten snakka samisk heime, stamma frå minst ein som snakka samisk heime (forelder, besteforelder eller oldeforelder), eller ha foreldre som står eller har stått i manntalet. Alle som står i manntalet kan bli velde inn på Sametinget, og dei er plikta til å stilla på møte dersom dei ikkje ber seg fritekne på grunn av alder (over 60 år) eller stor ulempe i høve til arbeidet sitt.
[endre] Parti
Ved sametingsvalet 2005 stilte desse partia med lister i ein eller fleire valkretsar:
- Det norske Arbeidarpartiet
- Badjeolbmuid Listu
- Finnmarkslista
- Framstegspartiet
- Høgre
- Johttisápmelaččaid Listu
- Kautokeino Fastboendes liste
- Midtre Nordland Tverrpolitiske Liste
- Norske Samers Riksforbund
- NSR ja SáB oktasašlistu
- Salten sameforening-NSR
- Samefolkets parti
- Samenes Folkeforbund
- Samer bosatt i Sør-Norge
- Samisk Rød Valgallianse
- Senterpartiet
- Sosialistisk Venstreparti/Sosialistalaš Gurotbellodat
- Várjjat Sámeálbmot Lihttu
- Venstre
- Åarjel læstoe
[endre] Valkretsar
Ved val til Sametinget vel ein tre medlemmer frå kvar av desse valkretsane:
- Varanger (Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommunar)
- Tana (Tana, Berlevåg og Gamvik kommunar)
- Karasjok (Karasjok kommune)
- Kautokeino (Kautokeino kommune),
- Porsanger (Porsanger, Lebesby, Nordkapp og Måsøy kommunar)
- Alta/Kvalsund (Kvalsund, Hammerfest, Alta, Hasvik og Loppa kommunar)
- Nord-Troms (Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy, Kåfjord, Storfjord og Lyngen kommunar)
- Midt-Troms (Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken og Tranøy kommunar)
- Sør-Troms (Sørreisa, Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Bjarkøy og Kvæfjord kommunar)
- Nordre Nordland (Andøy, Øksnes, Bø, Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes og Narvik kommunar)
- Midtre Nordland (Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Skjerstad, Saltdal, Gildeskål, Beiarn, og Meløy kommunar)
- Sørsameområdet (kommunane i Nordland fylke frå og med Rana og Rødøy og sørover, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke og Engerdal kommune i Hedmark fylke)
- Sør-Norge (fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Akershus, Østfold, Oppland, Hedmark (bortsett frå Engerdal kommune) og Oslo.
[endre] Tidlegare Sameting
Her er ein oversikt over tidlegare sameting.
Periode | President | Parti |
---|---|---|
1989-1993 | Ole Henrik Magga | Norske Samers Riksforbund |
1993-1997 | Ole Henrik Magga | Norske Samers Riksforbund |
1997-2001 | Sven-Roald Nystø | Norske Samers Riksforbund |
2001-2005 | Sven-Roald Nystø | Norske Samers Riksforbund |
2005-2009 | Aili Keskitalo | Norske Samers Riksforbund |
[endre] Bakgrunnsstoff