Den norske kyrkja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den norske kyrkja eller statskyrkja er namn brukte på den offentlege kyrkja i Noreg. I 1537 innførte Danmark-Noreg lutherdomen og braut banda med Den katolske kyrkja. Den norske kyrkja fekk då den dansk-norske kongen som overhovud. Den dag i dag er det framleis kongen som er den øvste leiaren, men ansvaret er delegert til Kultur- og kyrkjedepartementet.
Innhaldsliste |
[endre] Tru
Den norske kyrkja har, i tillegg til Bibelen som er det grunnleggjande skriftet, fem vedkjenningsskrift:
- Den apostoliske trusvedkjenninga
- Den nikenske trusvedkjenninga
- Den athanasiske trusvedkjenninga
- Den augsburgske konfesjonen (Confessio Augustana)
- Luthers vesle katekisme
[endre] Embete
[endre] Biskop
Det høgste embetet i kyrkja er bispeembetet. Då statskyrkja vart oppretta i 1537 vart bispeembetet avskaffa, og biskopane vart erstatta med superintendentar. Dei fylte stort sett dei same funksjonane, men kongen ynskte å markere eit brot med den katolske forståinga av embetet. Tittelen biskop vart gjeninnførd seinare, men med ein klår luthersk definisjon av embetet. Den norske kyrkja avviser doktrinen om apostolisk suksesjon, sjølv om det gjennom samarbeidet med den anglikanske kyrkja er mogleg å bli prestevigd i apostolisk suksesjon. I 1993 vart Rosemarie Köhn den fyrste kvinnelege biskopen i kyrkja.
Den norske kirke har 11 bispedøme.
[endre] Prest
Prestane er ordinerte, men ordinasjonen blir ikkje rekna som eit sakrament. Både menn og kvinner kan ordinerast, og dei treng ikkje leva i sølibat.
Kvart bispedøme er delt inn i prosti, og dei 103 prestane som leier desse har tittelen 'prost'. 11 av dem er knytte til ei domkyrkje, og har difor tittelen 'domprost'. Kvart prosti er delt inn i kyrkjelydar. Prosten er sjølv sokneprest i ein av kyrkjelydane.
[endre] Diakon
Diakonar blir ikkje ordinerte, men er vanleg tilsette. Dei har ansvar for det diakonale arbeidet i kyrkjelyden, som t.d. sorgarbeid, hjelp til eldre og trengande osb. Det blir kravd anten teologisk eller helse- og sosialfagleg bakgrunn.
[endre] Kateket
Kateketar er ikkje-ordinerte tilsette med ansvar for trusopplæring. Det blir kravt bakgrunn frå teologi eller pedagogikk (med hovudvekt på kristendomsopplæring).
[endre] Kyrkeverje
Kyrkjeverja er dagleg leiar for det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, og har driftsansvaret for kyrkjebygg og kyrkjegardar.
[endre] Klokkar
Kvar kyrkje har ein klokkar som er underlagd kyrkeverja. Hans hovudoppgåver er å hjelpe presten ved kyrkjelege handlingar, og å føre kyrkjebøkene.
[endre] Organ
Den norske kyrkja sitt overhovud er monarken. Hans ansvar er delegert til Kyrkje- og kulturdepartementet (i periodar har det vori eit eige Kyrkjedepartement). Stortinget har påverknadskraft gjennom Stortingets kyrkje- utdannings- og forskingskomité, og gjennom lovgjeving.
Det høgste organet i kyrkja er kyrkjemøtet (oppretta 1984), der alle bispedømeråda og biskopane er med.
Deretter kjem bispemøtet, det vil seie kollegiet av biskopar. De samlast tre gonger i året, og blir leidd av ein preses.
Kyrkjerådet (oppretta 1969, omdefinert 1984) er eit førebuande organ for kyrkjemøtet, og utøvande organ mellom samlingane til kyrkjemøtet.
Lærenemnda (oppretta 1988) er eit sjølvstendig sakkyndig organ som handsamar lærespørsmål. Ho er sett saman av somme eller alle biskopane, sakkyndige oppnemnde av dei tre teologiske fakulteta og representantar for lekfolket. Talet på medlemer varierer etter kva saker som blir handsama.
Mellomkyrkjeleg råd har ansvar for kontakten med systerkyrkjer i andre land og internasjonale organisasjoner, samt for økumeniske og mellomreligiøse kontaktar i Noreg.
Samisk kyrkjeråd (oppretta 1992) arbeider for å sikre eit tilbod på samisk språk i kyrkja, og for å sikre at samiske tradisjonar blir respekterte
Ungdommens kyrkjemøte (fyrste gong 1993) er eit rådgjevande organ som skal sikre at ungdom i kyrkja når fram med sine synspunkt.
[endre] Sakrament og kyrkjelege handlingar
Den norske kyrkja har to sakrament: Dåp og nattverd. I tillegg er det andre kyrkjelege handlingar, somme av dei blir rekna som sakrament i andre kyrkjesamfunn.
[endre] Dåp
Dåpen blir rekna som ei reinsing frå all synd, og den døypte blir med i kyrkja. Etter luthersk lære blir barnedåpen rekna som rett og tilrådeleg. Dåpen skjer til vanleg ved ausing av vatn på hovudet, men i somme kyrkjer finst det døypefontar som har plass til heil eller delvis neddukking av små born. Udøypte born av foreldre som er medlemer av Den norske kyrkja blir rekna som tilhøyrande, men ikkje som fulle medlemer.
[endre] Nattverd
Etter luthersk lære er nattverden eit sakrament der Jesus Kristus er til stades og gjev lekamen og blodet sitt i brød og vin. Born kan motta nattverden frå 6-7 årsalderen når de kjem saman med vaksne.
[endre] Konfirmasjon
Konfirmasjonen blir ikkje rekna som eit sakrament, men som ei stadfesting og styrking av dåpen. Reformatorane avviste den katolsk forståinga av konfirmasjonen som eit eige sakrament, men såg den heller som ei førebuing til å motta nattverden. I 1736 vart konfirmasjonen gjort obligatorisk for alle i Noreg. Før konfirmasjonen får ungdomane opplæring gjennom den lokale kyrkjelyden.
[endre] Skriftemål
Det lutherske skriftemålet skil seg frå det katolske ved at presten som tek i mot skriftemålet ikkje gjev noka syndsforlating. Luther rekna skriftemålet som ein viktig reiskap for å vedkjenne sine synder og få rettleiing, men tilgjevinga kan ein berre oppnå gjennom tru og Guds nåde, ikkje gjennom ei kyrkjeleg handling. Skriftemålet finst i Den norske kyrkja, og dei seinare åra har det vorti stadig meir populært. I somme kyrkjer snakkar ein om å innføre skriftestolar, men dei fleste stadene er det prestekontoret eller heimen som blir nytta.
[endre] Giftarmål
Etter luthersk lære er ekteskapet fyrst og fremst ei borgarleg sak, men det bør stadfestast med ein kyrkjeleg seremoni. Giftarmål er ikkje eit sakrament i Den norske kyrkja.
Tidlegare rekna Den norske kyrkja ekteskapet som uoppløyseleg, men i det 20. hundreåret snudde dette, slik at det no er eit mindretal av prestane som ikkje godtek gjengifte. Dei prestane som ikkje godtek gjengifte har høve til å reservere seg mot å vie fråskilde.
[endre] Ordinasjon
Ordinasjon av prestar blir ikkje rekna som eit sakrament, men som ein velsigningsseremoni og ei stadfesting av at ein person er verdig og kunnig nok til å arbeide som prest. Biskopar blir velsigna i ein eigen seremoni i samband med innsetjinga.
[endre] Tilhøvet mellom kyrkje og stat
Dei seinare åra har det vori ein del debatt om ein skal skilje kyrkja og staten, og korleis det i så fall skal skje. Fleire utval har handsama denne problemstillinga, seinast Gjønnes-utvalet som vart oppretta 14. mars 2003 og skal leggje fram innstillinga si 31. januar 2006.