Nattverd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Nattverd ('aftanmål') eller eukaristi (gr. ευχαριστω, ‘gjeva takkseiing’) er ei kristen liturgisk handling basert på Jesu Kristi siste måltid med disiplane føre krossfestinga. Nattverden blir òg kalla kommunion (lat. «communio», ‘fellesskap’).
Nattverden minnar om det siste påskemåltidet Jesus hadde med disiplane sine. Den teologiske forståinga av nattverden varierer mellom dei ulike kyrkjene, men dei fleste kristne er einige om at han inneber ei særskild tilstadevering av Jesus.
Innhaldsliste |
[endre] Opphav
[endre] Bakgrunn
I jødedommen er det skikk å innleie kveldsmåltid på heilagdagar som pesah (opphavet til den kristne påska), sjabu‘ót (opphavet til den kristne pinsa) med kiddúsj — signingar av vinen og høgtidsdagen lesne over eit glas vin, etterfølgt av handvask med signing, og deretter ei signing sagt over brød. Denne skikken var veletablert allereie på Jesu tid, og når ein samla seg til høgtidsmåltid i det gamle Israel signa ein såleis alltid vinen og brødet.
[endre] Innstifting
Dei tre synoptiske evangelia (Matteusevangeliet, Markusevangeliet og Lukasevangeliet) skildrar Jesu siste måltid saman med disiplane på skjærtorsdag. Jesus gav brød til disiplane og sa «...dette er min lekam...». Deretter gav han dei vin og sa «...dette er mitt blod...». Orda hans vart avslutta med «...gjer dette til minne om meg». Det er denne siste setninga som er basis for at dei aller fleste kyrkjer gjev nattverden en framtredande plass i gudsdyrkinga.
[endre] Teologi
Kvar enkelt kristen tradisjon har si eiga forståing av innhaldet og tydinga til nattverden. Medan mange forståingar overlapper kvarandre — mellom den katolske og den ortodokse står striden først og framst om ein skal bruke syra eller usyra brød — finst det òg større skilnader mellom ulike syn. Synet på nattverdsteologien er i stor grad også knytta til andre viktige spørsmål, som rettferdiggjeringslære og kristen eining.
[endre] Katolsk nattverdsteologi
I den katolske kyrkja er nattverden eit av de sju sakramenta. Desse blir sett på som hjelpemiddel i ei utvikling mot sameining med Gud, og saman med dåpen blir nattverd sett på som det viktigaste av sakramenta. Handlinga blir sett på som eit offermåltid, men det er ikkje snakk om å «gjenta» offeret av Jesus på krossen. I staden skal offeret gjerast nærværande for dei kristne i brød og vin.
Trua på realpresensen, det at brød og vin faktisk blir til Kristi legeme og blod, er sentral i katolsk nattverdsforståing. Elementa i nattverden ser fortsatt ut som, smaker som og luktar som brød og vin, men substansen deira er endra. Denne læra, som blir kalla transsubstansiasjon, er dogmatisk definert. Fordi det ikkje er mogleg å forstå fullt ut kva som egentlig skjer blir forvandlingen òg omtala som «Truas mysterium».
Forvandlinga blir sett på som vedvarande, det vil seia at elementa forblir Kristi legeme og blod. Tilstanden vil først bli oppheva dersom elementa ikkje lenger kan kjennast som brød og vin, til dømes når dei er smuldra opp eller blitt til eddik. Forvandla (konsekrert) brød blir derfor lagra i ein spesiell behalder, eit tabernakel. Dette blir tilbede og vist ærefrykt, til dømes ved at ein knelar for det når ein kjem inn i ei kyrkje. Om ein del av elementa blir sølt må ein straks sørga for at dei ikkje blir vanheilaga.
Det er strenge reglar rundt feiringa av nattverd. Han kan bare skje i ei messe forretta av ein ordinert prest eller biskop. Elementa må vera alkoholhaldig druevin og brød av kveitemjøl. Brødet skal helst vere usyra, men ein kan òg nytta syra brød om dei trengst. Bare katolikkar og dei som tilhøyrer kyrkjer med tilnærma lik nattverdsteologi (til dømes ortodokse kristne) kan motta nattverden i katolske messer.
[endre] Ortodoks nattverdsteologi
I den ortodokse kyrkja er nattverden òg eit sakrament og eit offermåltid. Han blir sett på som ein forløpar for den endelige unionen med Gud (theosis). Forståinga av realpresens og andre sider ved nattverden liknar det katolske synet.
Nattverden kan bare feiras i den guddommelege liturgien av ein ordinert prest eller biskop. Normalt kan bare ortodokse kristne ta imot sakramentet, men katolikkar utan kyrkje i nærleiken kan i nokre tilfelle få han.
Ortodoks teologi legg mindre vekt enn katolsk på å forklara kva det er som skjer ved forvandlinga av elementa, men konstaterer at det skjer. Nokre ortodokse teologar aksepterer transsubstansiasjon som forklaring, men dette er ikkje universelt akseptert.
[endre] Protestantisk nattverdsteologi
Dei ulike protestantiske kyrkjene har variasjonar i nattverdsteologien. Lutherske kyrkjer lærer ikkje at brød og vin blir forvandla, men at Kristus likevel verkeleg er fysisk tilstades ved at han tek bustad i elementa. I luthersk doktrine blir dette kalla konsubstansiasjon, dei to substansane eksisterer side ved side. Tanken om nattverden som offermåltid er tilstades, men ikkje så framtredande som i katolsk og ortodoks teologi.
Andre kristne, som reformerte og ei rekkje frikyrkjelege samfunn, avviser òg den lutherske nattverdsteologien. Reformatoren Calvin hadde eit dualistisk syn på nattverden; nattverdsgjesten tek imot brød og vin i det ytre, men gjennom handlinga verkar Den heilage anden som fornyar den andelege styrken til den truande. Calvin avviste tanken om at Kristus var fysisk tilstades i brødet og vinen. Enkelte andre kirkesamfunn avviser òg det kalvinske synet, og legg ei rein symbolsk tolkning til grunn for sin nattverdsteologi.