Benito Juárez
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benito Juárez (21. mars 1806 - 18. juli 1872) var ein zapotekisk indianar, som i to periodar (1861-1863 og 1867-1872) var president i Mexico. Juárez vert ofte sett på den største og mest populære leiaren landet har hatt.
[endre] Livssoge
Benito Pablo Juárez vart fødd i landsbyen San Pablo Guelatao i Oaxaca. Foreldra var bønder og døydde før han fylte 4 år. Han arbeidde i kornmarkene og som hyrde inntil han fylte 12 år, men den 17. desember 1818 vandra han til byen Oaxaca for å utdanne seg og få eit betre liv. Då han gjorde dette var han analfabet og snakka ikkje spansk, berre zapotekisk.
I byen vart han tilsett som tenar i eit hushald og arbeidde ivrig for å kunne skaffe seg utdanning. Antonio Salanueva, ein lekbror av fransiskanarordenen, vart imponert over intelligensen og lærelysta til den unge Juárez, og hjelpte han med å bli teken opp på presteseminariet i byen. Han tok sin avsluttande eksamen frå seminariet i 1827 og studerte deretter jus.
Juárez vart advokat i 1834 og domar i 1842. Han var guvernør for staten Oaxaca frå 1847 til 1853, då han vart send i eksil på grunn av motstanden sin mot den korrupte Antonio Lopez de Santa Anna. Han budde då i New Orleans i Louisiana, og arbeidde i ein sigarfabrikk.
Juárez vende tilbake til Mexico i 1855 og slutta seg til opposisjonspartiet Liberales; to år seinare vann dei valet og Juárez vart rettspresident i Mexico under president Ignacio Comonfort. Conservadores-partiet gjorde opprør og det braut ut borgarkrig. Juárez avløyste Comonfort som provisorisk president, og kom til Mexico By den 11. januar 1861 for å gjenetablere den nasjonale einskapen. Han vart vald som president i mars same året, for ein fireårsperiode.
Frankrike invaderte Mexico i 1862 etter Napoleon III sine planar om å opprette eit marionettstyre i landet. Etter harde kampar vart Juárez og hans valde regjering tvingde til å trekkje seg tilbake til den nordlege delen av landet.
Juárez leidde den meksikanske motstandskampen mot dei franske okkupantane og innsetjinga av marionettkeisaren Maximilian av Habsburg. Maximilian tilbaud Juárez amnesti og posisjonen som statsminister, men Juárez nekta å akseptere monarkiet og ei regjering påtvingd av ei framand makt. I 1867 vart dei siste franske troppane og Maximilians allierte slått og drivne ut frå landet. Same år vart Juárez attvald som president.
Benito Juárez var ein progressiv reformist, som gjekk inn for demokrati, like rettar for idianarane i landet, og ei forminskning av den store påverknad den romersk-katolske kyrkja hadde på mexikansk politikk.
Benito Juárez døydde av eit hjerteattakk medan han arbeidde ved sitt skrivebord i Nasjonalpalasset i Mexico By.
Juárez sitt berømte sitat hugsast enno i Mexico: El respeto al derecho ajeno es la paz, som tyder «respekt for andre sine rettar er fred». Sitatet inngår i delstaten Oaxaca sitt flagg.
Juárez' fødselsdag (21. mars) er ein nasjonal heilagdag i Mexico (sjå: Fiestas Patrias).
Sjå òg: Mexico si historie.
Juárez har vore skildra i film av skodespelarane Paul Muni (1939), Jason Robards, Sr. (1940), Fausto Tozzi (1965), Helmut Schellhardt (1988) og Luis Valdez (1994).
Benito Mussolini vart av sin sosialistiske far oppkalt etter Juárez.
Føregjengar: Miguel Miramón |
Mexico sin president |
Etterfylgjar: Juan Nepomuceno Almonte |
Føregjengar: Keisar Maximilian av Mexico |
Mexico sin president |
Etterfylgjar: Sebastián Lerdo de Tejada |