Anders Reitan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Jonsen Reitan (1860-1941) var ein norsk lærar og lokalhistorikar
Født i Ålen i Sør-Trøndelag fylke. Bror av dialektgranskaren Jørgen Reitan, brorson av diktar og stortingsmann Anders Jørgensen Reitan. Gjekk vinteren 1878-1879 på Vonheim folkehøgskole deretter på Klæbu seminar. Dei første åra som lærar i heimbygda vikarierte Reitan for far sin, Jon Jørgensen Reitan, 1822-1903, som då sat på Stortinget og i Riksretten 1883-84. Han fekk lærarposten etter far sin, og var lærar i den barneskolen han sjølv hadde gått til han slutta som lærar i 1929. Resten av levetida arbeidde han med bygdeboka Ålen. Ho kom i første oplag i 1936, har seinare vore verdsett som hovudkjelda for kunnskap om rørosregionen i eldre tid. Mange har uttrykt si takksemd, ikkje minst forfattaren Johan Falkberget.