Jørgen Reitan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Jonsen Reitan (1871–1944) var ein norsk skolemann, målmann og dialektgranskar.
Reitan var født i Ålen i Sør-Trøndelag fylke, son av lærar, ordførar og stortingsmann Jon Jørgensen Reitan, bror av lokalhistorikaren Anders Reitan, brorson av diktar og stortingsmann Anders Jørgensen Reitan, styrar på den flyttbare Sør-Trøndelag fylkesskole/amtsskole frå 1903 til 1933, då han vart arbeidsufør.
Han var utdanna filolog og statsstipendiat frå 1917 av. Tok i 1922 doktorgraden på avhandlinga Nytrøndsk ordforkortning, der han djervt sette fram ein teori om at den trøndske ordforkortinga i røynda var same prosessen som hadde forma moderne engelsk. Utgangspunktet hans var at bispestolen i Nidaros hadde store interesser i England, både kyrjelege og verdslege, og at sambandet over Nordsjøen var godt.
Han skreiv mange mindre avhandlingar om målet i Søraust-Trøndelag og over i Härjedalen, om målet i heimbygda Ålen, på Tynset, og på Røros. Han skreiv dessutan om målet i Bardu og i Målselv som innflyttarane frå rørosregionen hadde tatt med seg på si bureising. Reitan hevda i 1917 i skriftet Eit nynorsk normalmaal at nynorsk landsmål måtte slå sterkare rot i trøndsk og austnorsk, og rett før han døydde gav han Universitetet i Oslo eit målførefond til fremje av denne saka. Reitan var eit av dei største filologiske flogvet i Noreg i nyare tid.