Agurk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agurk |
||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto: Opioła Jerzy |
||||||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||||||
Cucumis sativus Linné |
Agurk er ein grønsak, botanisk sett eit bær, som veks på planten Cucumis sativus. Denne gamle kulturplanten er blitt dyrka i India i minst tre tusen år. Han kom til Noreg på 1660-talet. Agurken er som regel grøn og blir eten rå eller sylta.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Agurkplanten har gule blomar og store blad. Agurkfruktene har ei noko krumma sylinderform og kan bli frå 10 til 60 cm lange.
[endre] Bruk
Agurk blir ofte delt i skiver eller terningar og brukt i agurksalat eller som del av ein annan salat. Ein kan òg bruka han som pålegg eller anna slag tilbehøyr.
[endre] Næringsinnhald
Heile 96-97% av agurken er vatn, og han gjev difor mindre næring enn mange andre frukter. Fersk agurk er likevel ein god kjelde for C-vitamin, K-vitamin og kalium. Sylteagurk inneheld endå mindre næringsstoff, særleg C-vitamin.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- «Agurk» på Wikipedia på bokmål og riksmål
- «Cucumber» på engelsk Wikipedia