Ålgård
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Ålgård er kommunesenteret i Gjesdal Kommune i Rogaland fylke. Tettstaden ligg 10 km sør for Sandnes der Figgjoelva renn ut av Edlandsvatnet. I tillegg til gamle Ålgård sentrum kan no Bærland, Fiskebekk, Opstad og Solås reknast som ein del av tettstaden. Rundt rekna 8000 av dei 9248 innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.
Ålgård vaks fram kring De Forenede Ullvarefabrikker (DFU). Fabrikken vart grunnlagd av haugianaren Ole Nielsen i 1870. Fabrikken låg før dette på Eikeland i Sandnes, men vart flytta til Ålgård. På Ålgård kunne ein nytta vasskraft til å driva maskinar. I tillegg ligg Ålgård i eit område med mange gardbrukarar. Mange av gardbrukarane driv med sauehaldt. Slik var ikkje vegen lang for å skaffa ull. Ole Nielsen nøgde seg ikkje berre med å byggja ein fabrikk. I tillegg gjorde han opptak til ein skule og Ålgård kyrkje.
Ålgårdbanen vart opna i 1924. Banen gjekk mellom Ålgård og Sandnes, og var meint som ein del av Sørlandsbanen. Traséen vart utsprengd til Kyllingstad i retning Vikeså, men Stortinget omgjorde vedtaket om ein indre trasé og la banen om Jæren.
Fabrikken er lagd ned, men bygningane vert bruka til kjøpesenteret (Magneten) og bibliotek (Veveriet). I dag har Ålgård industri gjennom mellom anna Jæder. I 1986 opna fritidsparken Kongeparken.
Fotballklubben Ålgård FK har mange medlemer. Gjesdal IL har i fleire år gjort det skarpt i Holmenkollstafetten.