Gjesdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1122 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Ålgård |
Flatevidd: | 609 km² |
Folketal: | 9 426 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.gjesdal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Karl Edvard Aksnes (KrF) 2003-2007 |
Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke. Gjesdal er rekna å vera ein del av Høg-Jæren. Kommunen grensar i nordvest mot Sandnes, i nord mot Forsand, i aust mot Sirdal, i sør mot Bjerkreim, og i vest mot Time.
Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, om lag 30 km sørøst for Stavanger. Arealfordeling: jordbruk: 6%, produktiv skog: 5%, ferskvatn: 8%, anna areal: 81%. Kommunesenteret Ålgård ligg ved E39, 15 km frå Sandnes. Om lag 75% av innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.
Lokalavisa for Gjesdal er Gjesdalbuen. "Gjesdalbu" er ei nemning på ein som kjem frå Gjesdal kommune. Gjesdalbuen Finn E. Kydland vart i 2004 tildelt Nobelprisen i økonomi. Kydland vaks opp på Søyland, medan mora seinare flytte til kommunesenteret Ålgård.
Den største fossen i Rogaland, Månafossen, finst her, innst i Frafjord.
[endre] På verdsveven
|