Utdanning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utdanning er eit uttrykk som omfattar det å lære ei spesifikk kunne, og av og til mindre handgripeleg: å få kunnskap, god dømmekraft og visdom.
Utdanninga startar det augeblikket eit barn blir født og fortsett heile livet. For noen er kampane og triumfane i det daglege livet mye meir lærerike enn ein formell skolegang (eller som Mark Twain seier: «Eg lar aldri skolen komme i vegen utdanninga mi»). Familiemedlemer har ein stor utdannande påverknad - ofte meir enn dei sjølv innser – sjølv om familiens utdannande påverknad er svært uformell.
Ei formell utdanning inntreff når samfunnet forpliktar seg til å utdanne folk, som regel dei unge. Ei formell utdanning har fordelen av å vera rimeleg systematisk og grundig. Men kritikarar har alltid framheva at dei som sørgjer for utdanninga, om det er kyrkja, staten eller ei anna gruppe, nesten alltid vil prøve å forme dei studerande etter sine eigne idealar.
I dei senere åra har ei livslang utdanning (livslang læring) blitt meir vanleg, og mange voksne ser ikkje skolen til å vera ein stad kun for born. Dei seineste åras teknologiske utvikling innanfor berbare apparat har au gjort at ein ikkje fysisk må sitje på skolebenken for å delta i undervising. I staden kan utdanninga foregå som fjernundervising - eller i ein kombinasjon mellom fjernundervising og tradisjonell undervising.
Innhaldsliste |
[endre] Kategoriar
- Klassisk utdanning - Lesing - Matematikk - Språk - Vitskap - Etikk - Fysisk utdanning - Religiøs utdanning
[endre] Formell utdanning
- Grunnskole - Friskole - Videregåande skole - Høgskole - Teknisk fagskole - Universitet
[endre] Utdanningspolitikk
- Analfabet - Standardisert test - Utdanningsreform - Skoleval - Skolestyre
[endre] Uformell utdanning
- Tidleg instruksjon - Heimeskole
[endre] Teori og metodar
- Utdanningsfilosofi - Utdanningsmetodar - Læremetodar
[endre] Sjå også
- Utdanningsinstitusjon, kveldsskole, akademi, handelsskole, elev, lektor, professor, dekan, adjunkt, rektor, institutt, fakultet, lektorat, adjunktur, doktorat, doktor, doktorgrad, doktoravhandling, Ph.D., forskningslegat, legat, seminar, læreanstalt, intelligens, intelligent