Tinnitus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinnitus, eller øyresus, er at ein oppfattar lyd som ikkje eksisterer i den eksterne verda. Lyden kan verte oppfatta både på det eine eller på begge øyra. Sjølve ordet tinnitus er latin for "å ringje på ei bjølle", og er vanlegvis skildra som ein ringjande lyd, summing, plystring eller melodi. Tinnitus er ikkje i seg sjølv ein sjukdom, men ein tilstand forårsaka av mange underliggjande årsaker.
Lyden mange tinnitus-pasientar oppfattar, kan variere frå ein stille bakgrunnslyd til ein lyd som sluker alle eksterne lydar. Omgrepet tinnitus refererer vanlegvis til meir alvorlege tilfelle, og då typisk til meir varige tilfelle. Vanlegvis skuldast tinnitus skader på det indre øyret, men andre orsaker, som til dømes øyrebetennelse, kan òg liggje bak.
Sia tinnitus ofte er definert som eit subjektivt fenomen, er det vanskeleg å oppdrive brukande objektive testar, slik som samanlikning andsynes lydar av kjende frekvensar og intensitetar. Sjølv om det finst tilstandar av tinnitus som andre menneske kan høyre - bruit - so er subjektiv tinnitus tinnitus berre den ramma kan høyre, klart den vanlegaste. Tilstanden er ofte rangert frå "lett" til "katastrofalt" i samsvar med vanskane tilstanden medfører: som til dømes søvnvanskar, stille aktivitetar eller daglegdagse aktivitetar. Tinnitus er eit ganske vanleg fenomen, og er opplevd i meir eller mindre grad hjå dei fleste menneske.
Vanlegvis finst det inga behandling for tinnitus, mellom anna på grunn av usemje om korvidt tinnitus oppstår i hjernen eller i hørselsorgana. Vanlegvis vil den ramma verte tilrådd å ignorere problemet og vil verte lært opp til diverse teknikkar til å maskere tinnitusen. Av og til kan det vere andre orsakar som er skuld i denne tilstanden, som til dømes høgt blodtrykk, Menières sjukdom, øyrevoks eller ballanseproblem. Diverre kan dei fleste førekomster av tinnitus ikkje løysast.