Tidvasskraft
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidevasskraft er når tidvatnet produserar elektrisitet ved å driva ein generator. Det er i hovudsak to metodar som er vorte brukt for å utnytta denne energien. Den eine er at ein utnyttar vatnet si fallhøgde. Tidvatnet vert demt ute når det kjem inn mot land, og då kan det kontrollerast inn mot eit skovlehjul. Så vert det demt oppatt når det skal ut, og det kan kontrollerast mot det same skovlehjulet. Den andre måten er ei undersjøisk mølle som utnyttar straumen i vatnet. Ein kan seie at det er vindmøller som står under vatn. Møllene har påmontert ein eller to rotorar som er festa til ein aksling som driv ein generator. Fordelen med dette anlegget er at det er svært skånsamt for miljøet. Det viser nesten ikkje frå overflata. Dei vil no prøve ut dette i Kvalsundet i Tromsø. Der skal det lagast eit tidvasskraftverk med fire store turbinar.
[endre] Andre typar vasskraft
- Bølgjekraft - utnytting av energien i havbølgjer
- Vasskraft - utnytting av energien i rennande vatn i vassdrag
- Saltkraft - Utnytting av energien ved blanding af ferskvatn og saltvatn