Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Saltkraft - Wikipedia

Saltkraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saltkraft er ei nemning på ei mogleg fornybar energikjelde. Energien kjem av utnytting av osmose når ferskvatn frå elver møter saltvatn frå havet. Denne energikjelden er svært miljøvennleg og fornybar.

Ein kan nytta saltkraft ved alle elveutløp som renn ut i havet. Det er ein osmotisk trykkforskjell mellom ferskvann og saltvann på om lag 27 bar. Dette svarer til om lag 270 meters fall for eit vasskraftanlegg.

Det finst fleire metoder for å vinna ut denne energien. Dei to måtane som er mest aktuelle er trykkretardert osmose og omvendt elektrodialyse. Begge teknikkane er membranprosessar.

Saltkraftteknologien er blitt utvikla i Noreg sidan 1997. Energiselskapet Statkraft har samarbeida med forskingsstiftinga SINTEF og fått støtte frå Norsk Forskingsråd.

Det er framleis knytt uvisse til denne energiforma, men optimistar peiker på at det same gjaldt den no svært utbreidde vindkrafta.

Innhaldsliste

[endre] Korleis vinn ein ut saltkraft?

Prinsippet ved saltkraftverk kallar ein trykkretardert osmose (TRO). Dette går ut på å utnytta energien som blir frigjeven når saltvatn og ferskvatn blir blanda med kvarandre. Dette skjer ved at dei to vasstypane blir førde inn i kvart sitt kammer skilt av ein membran. Salt vil ikkje kunne trenga gjennom membranen, så ferskvatnet vil danna eit så stort trykk at det kan driva rundt ein turbin. Brakkvatnet som blir produsert ved dette høge trykket kan bli utnytta til å produsera kraft i form av elektrisitet.

[endre] Ein sikker og miljøvennleg energikjelde

Fordi han ikkje er avhengig av vêr og vind blir saltkraft sett på som ein sikker energikjelde som kan brukast heile tida. Han ureinar ikkje, men kraftverka vil sjølvsagt vera inngrep som kan øydeleggja urørt natur. Men saltkraftverk kan kombinerast med vasskraftverk som allereie finst slik at desse inngrepa blir mindre merkbare. Dei kan òg skjulast ved å ligga i tunnelar.

[endre] Verdas første feltlaboratorium på saltkraft

5. juni 2003 opna Statkraft med støtte frå NTNU, SINTEF og Norges forskningsråd eit feltlaboratorium på saltkraft på Sunndalsøra. I dette laboratoriet har ein prøvd ut ulike membranar for å finna ut kva for ein som yter best, kva ein må vedlikehalda og kor lenge dei held. I desse testane har dei brukt vatn frå Aura kraftanlegg og saltvatn frå Sunndalsfjorden. Ved hjelp av desse forsøka er ein eitt skritt nærare eit straumproduserende anlegg.

[endre] Bakgrunnsstoff

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com