Sailor Fuku
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sailor Fuku, eller berre matrosdrakt på norsk, er ein vanleg skuleuniform som vert nytta av ungdomsskule- og vidaregåande-elevar i Japan. Uniformen vart første gongen inført i skuleverket av rektoren på Fukuoka Jo Gakuin University, Elizabeth Lee. Ho hadde utforma uniformen etter mønster av den uniformen som vart nytta av matrosar i den britiske marinen på den tida. Inspirasjonen hadde ho fått som utvekslingsstudent i Storbritannia.
Kategoriar: Klede | Japan