Matros
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matros er ein grad innan skipsfart som kan ha ulik tyding på ulike område.
- Innanfor sivil sjøfart er matros ei nemning på mannskap som ikkje er offiserar. Det er ei eiga fagprøve for matrosar. Dersom ein matros har fått hyre ombord på eit fartyg som nyttar uniform kan han ha ein distingsjon med eit raudt brodert anker på.
- Innanfor Sjøforsvaret vert nemninga matros nytta om verva mannskap. Altså militært tilsett personell som ikkje er befal. I Hæren og Luftforsvaret nyttar ein nemninga grenader. Sjølv om nemninga har det same opphavet i Sjøforsvaret som i den sivile skipsfarta har ein militær matros som regel ingen av arbeidsoppgåvene til ein sivil matros. Militære matrosar har mykje meir til felles med grenaderar. Distingsjonen til ein matros er eit gullanker i metall og mellom éi og tre gullstjerner i metall. Stjernene indikerar tal år personen har vore verva, dersom han har vore verva lenger enn tre år vil han framlies berre ha tre stjerner. Ein matros kan òg vere ein lærling som held på med det andre året sitt. I det fyrste er han meinig. Ein matroslærling vil berre ha eit gullanker som distingsjon.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Sjå òg
- Matrosdress
- Grenader
- Lærling