Pastazaprovinsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pastazaprovinsen (spansk Provincia del Pastaza) er ein av 22 provinsar i Ecuador. Han ligg sør i Oriente, den austre del av Ecuador som òg er ein del av Amazonasbassenget i Sør-Amerika. Provinsen har fått namn etter Pastazaelva, ein sideflod til Amazonaselva. Flatemålet er 29.500 km² og folkesetnaden er på ca 100.000. Hovudstaden i provinsen er Puyo. Naturen i provinsen er kjent for sin store biodiversitet.
[endre] Geografi
Pastazaprovinsen ligg mellom 75°30' og 78°20' vestleg lengd og 1°10' og 2°40' sørleg breidd. Han grensar mot Napoprovinsen og Orellanaprovinsen i nord, mot Peru (Loreto-regionen) i aust, mot Morona Santiago-provinsen i sør og i vest mot Tungurahuaprovinsen.