Orellanaprovinsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orellana er ein provins i Ecuador. Hovudstaden er Puerto Francisco de Orellana, òg kjent som El Coca. Provinsen ligg lengst aust i Oriente-regionen, det vil seie regionen i Ecuador som ligg i regnskogen i Amazonas. Flatemålet er om lag 20 700 km² og folkesetnaden ca 71 000 innbyggjarar. Orellana er den siste politiske eininga i landet som blei opprette som ein provins. Tidlegare var Orellana austre del av Napoprovinsen, men han vart skilt ut i 1998.
Petroleum og trelast av tropisk skog er vektigaste naturressursar. På siste del av 1900-atalet vart det oppdaga mineralolje i området kor det bor huaoraniar, shuarar og såkalla amazonquechuaer.
Det er conquistadoren og oppdagaren Francisco de Orellana som har gjeve namn til provinsen, fordi ein trur han passerte gjennom område då han som første europear drog tvers over det søramerikanske kontinent frå Ecuador til munninga av Amazonaselva, 1541–1542. I starten var reisa del av Gonzalo Pizarro sin store ekspedisjon på søk etter El Dorado.
Også i dag er infrastrukturen i provinsen svakt utbygd, mange område kan ein berre nå med fly, elvebåt eller kano. Napoelva med mange store og små sideelver renn gjennom provinsen. Napoelva er òg grenseselv over ei strekning i nord mot Sucumbíosprovinsen. Ho passerer grensa til Peru mot aust, og sluttar seg til Amazonaselva rett aust for Iquitos i Peru.
Provinsen er inndelt i følgjande cantóns, hovudstad i parentes:
- Aguarico (Nuevo Rocafuerte)
- Francisco de Orellana (Puerto Francisco de Orellana)
- Joya de los Sachas (La Joya de los Sachas)
- Loreto (Loreto)