Mistillitsframlegg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mistillitsframlegg er i eit parlamentarisk demokrati den retten fleirtalet i nasjonalforsamlinga har til å freista setja av regjeringa. Eit mistillitsframlegg går ut på at nasjonalforsamlinga får høve til å røysta over om den regjeringa som sit har deira tillit til å halda fram eller ei. Det finst to slag mistillitsframlegg: Negativt og positivt mistillitsframlegg.
Eit negativt mistillitsframlegg krev fleirtal i nasjonalforsamlinga for at regjeringa skal gå av, utan at nasjonalforsamlinga har noko ansvar for å koma opp med eitt nytt styringsført regjeringsalternativ. Dette er den ordninga me har i Noreg. Slike mistillitsframlegg har felt norske regjeringar ved to høve: den aller første arbeidarparti-regjeringa, regjeringa Hornsrud, vart felt ved mistillit på regjeringsfråsegna i 1928, medan Gerhardsen si tredje regjering (AP) vart felt ved mistillit i samband med Kings Bay-saka i 1963.
Eit positivt mistillitsframlegg går ut på at nasjonalforsamlinga berre kan fella regjeringa ved å røysta inn eit anna regjeringsalternativ. Denne ordninga finn me til dømes i Tyskland. Bundestag røystar ikkje mot den sitjande kanslaren og hans regjering som ved negativt mistillitsframlegg, men snarare for ei anna regjering.
[endre] Statsministrar som har gått av på mistillitsframlegg
- Arthur Meighen (1926)
- John George Diefenbaker (1963)
- Pierre Trudeau (1974)
- Joe Clark (1979)
- Paul Martin (2005)
- Georges Pompidou (1962)
- Atal Bihari Vajpayee (1996)
- Yitzhak Shamir (1990)
- Amintore Fanfani (1954)
- Romano Prodi (1998)
- Serge Vohor (2004)
[endre] Sjå også
- Kabinettspørsmål