Mahindra & Mahindra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mahindra & Mahindra Ltd. er ein indisk traktorprodusent som også lagar andre køyretøy.
Firmaet vart stifta i 1945, medan India framleis var under britisk okkupasjon, av dei to brødrene J.C. Mahindra og K.C. Mahindra, saman med Ghulam Mohammed. Det opphavelege namnert var Mahindra & Mohammed Limited, men dette vart endra til Mahindra & Mahindra Ltd. den 13. januar 1948.
Dei fyrste åra produserte M&M terrengbilar og lette lastebilar og det var fyrst i 1963 at M&M, saman med International Harvester, starta traktorproduksjon. Firmaet har sidan utvikla seg til å verta den største traktorprodusenten i India og den 4. største i verden. M&M har kjøpt opp ein traktorfabrikk i Kina og har samlefabrikkar i Storbritannia og USA.
[endre] Kjelde
[endre] Bakgrunnnsstoff
Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over landbruksspirer. |