Magnus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus er eit mannsnamn. "Magnus" er same ord som det latinske adjektivet "magnus", som tyder "stor". Karl den store, som døydde i år 814, heitte på latin "Carolus Magnus". Truleg er det dette tilnamnet namnet "Magnus" stammar frå. Namnet "Magnus" vart brukt av nordiske vikinghovdingar i England på 900-talet. Magnus vart seinare eit kongenamn. Bruken som alminneleg førenamn skuldast truleg helgena St. Magnus (av Orknøyane, død 1115).
Sju norske kongar har hatt "Magnus" som fyrste namn:
- Kong Magnus I (Olavsson) den gode, konge (1035–1047)
- Kong Magnus II Haraldsson, konge (1066–1069)
- Kong Magnus III (Olavsson) Berrføtt, konge (1093–1103)
- Kong Magnus IV (Sigurdsson) Blinde, konge (1130–1135)
- Kong Magnus V Erlingsson, konge (1161–1184)
- Kong Magnus VI (Håkonsson) Lagabøte, konge (1263–1280)
- Kong Magnus Eriksson (Magnus VII), konge (1319–1355)
[endre] Kjende personar med namnet Magnus
- Magnus Grønneberg (f 1976), tidlegare vokalist i CC Cowboys
- Magnus Hængsle (f 1980), musiker
- Haakon Magnus (f. 1973), norsk kronprins
- Sverre Magnus (f 2005), norsk prins
[endre] Kjende personar med etternamnet Magnus
- Anders Magnus, journalist, korrespondent i NRK.
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Magnus hjå Statistisk Sentralbyrå