Jaguar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaguar |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto: Lea Maimone |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Panthera onca L., 1758 |
Jaguaren (Panthera onca) er eit stort kattedyr som lever i heile Latin-Amerika. Han vert rekna som det amerikanske motstykket til leoparden, men er større og tyngre og manglar evna til å brøla.
[endre] Skildring
Jaguaren liknar ein leopard, men er større og tyngre. Han er som regel gulbrun med svarte flekkar, er 110-190 cm lang og veg frå 55 til 120 kg. Heilt svarte jaguarar (pantrar førekjem òg.
[endre] Levevis
Jaguaren trivst best i tett vegetasjon med lett tilgong til vatn, men ein kan treffa på han i dei fleste biotopar i det store utbreiingsområdet, som går frå Mexico i nord til Patagonia i sør.
Kosthaldet til jaguaren består hovudsakeleg av store til mellomstore pattedyr, fuglar og krypdyr. Han er òg flink til å fanga fisk. Jaguarar lever og jaktar åleine, og trass i at dei er dyktige klatrarar, fangar dei helst byttet sitt på bakken.
Jaguarar søker berre selskapet til artsfrendar i paringstida. Kvar ho føder mellom to og fire ungar, som veg opp mot ein kilo ved fødselen. Dei heldt seg med mora til dei vert kjønnsmogne i toårsalderen.
[endre] Kjelder
Verdens dyr, Cappelen 1985 Vår forunderlige verden, Skandinavisk Presse AS 1990 Engelsk wikipedia