Biotop
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biotop (av gresk bio: liv og topos: stad), eit nokonlunde einsarta område som utgjer levestad for samfunn av planter og dyr, og som er kjennetegna ved definerbare levevilkår for desse. Nokre arter er strengt bunde til ein type biotop medan andre, såkalte mobile arter er meir fleksible.
Omgrepa biotop, habitat og økosystem brukast ofte omkvarandre, og kan ha vekslande definisjonar innafor ulike fagmiljø.