Hulda Garborg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karen Hulda Garborg f. Bergersen (22. februar 1862–5. november 1934) var ein norsk forfattar og kulturberar, gift med Arne Garborg.
Innhaldsliste |
[endre] Arbeid
Hulda Garborg skreiv fleire romanar, dikt, skodespel, artiklar og faktabøker. Ho var særleg opptatt av kvinna si stilling i samfunnet og av den tradisjonelle norske kulturen.
Ho var mellom anna engasjert i å verna den norske folkedansen, og dreiv kurs i dette samstundes som ho utvikla draktar ein kunne dansa i, inspirert av gamle folkedraktar. Dette blei opphavet til mange moderne bunader, og Garborg har fått mykje av æra for den fortsatte bruken av dei norske folkedraktane. Tradisjonelt norsk matstell var eit anna emne ho interesserte seg for.
I 1910 starta ho Det norske spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret, med Hulda som styreformann. Ei byste av henne står nå på teateret.
Hulda var òg kommunepolitikar for Det frisinnede Venstre og blei den første kvinna som sat i formannsskapet i Asker kommune.
[endre] Livssoge
Hulda var frå Stange på Hedmarka. Faren dreiv storgarden Såstad, men hadde store alkoholproblem, og mora flytta etterkvart ut med Hulda og dei to søstrene hennar. Dei busette seg på Hamar.
Som ung jente flytta Hulda til Kristiania, der ho blei oppteken av arbeidarrørsla og norsk nasjonsreising, mellom anna målsaka. Ho var òg interessert i skodespel, og ville bli skodespelar. Men familien mangla pengar, og ho fekk seg butikkjobb i staden. Staden ho arbeidde var eigd av brørne Dobloug, som var radikale for den tida - nasjonalistiske venstretilhengjarar. Butikken deira var dei første som selde reine norske flagg, utan unionsmerke.
Hulda gifta seg borgarleg med Arne Garborg i 1887, og brende samstundes det ho hadde skrive av dikt og småstykke. Seinare tok ho likevel pennen fram att, og gav ut si første bok i 1892, romanen Et frit Forhold.
Etter at dei hadde gifta seg hadde Hulda og Arne busett seg i Kolbotn i Østerdalen. I 1897 flytta dei til Labråten, som blei hovudheimen deira i fleire tiår. Hulda budde her resten av livet, også då Arne drog tilbake til Jæren.
Arne og Hulda Garborg fekk ein son, Tuften.
[endre] Verkliste
[endre] Skjønnlitteratur
- Et frit Forhold, roman, 1892
- Mødre, skodespel, 1895
- Kvinden skabt af manden, 1904
- Mann av guds naade, 1908
- Fru Evas dagbog, 1915
- Grågubben, 1925
- Hildring, 1931
[endre] Sakprosa
- Fra Kolbotnen og andetsteds, 1903
- Norsk klædebunad, 1903, utvida utgåve 1917
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1932: Riddarkrossen av 1. klasse av St. Olavs-ordenen
[endre] Bakgrunnsstoff
- Livsskildring av Anton Aure frå 1916
- Samandrag av nokre av Hulda Garborg sine bøker
- Eit nasjonalt idol, biografi i Dag og Tid
- Hulda Garborg som nasjonal og internasjonal i Dag og Tid