Høgnorsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgnorsk er eit skrift- og talemål, og ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved like i ubroten tradisjon etter det første nynorske skriftmålet (landsmaal), som ein finn det hos Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg o.a. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen først og fremst ved rettskrivingsendringa i 1938, med ei tilmåting til rettskrivinga og ordvalet i bokmål og til målføra i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er altså på desse områda høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.
Høgnorskrørsla er organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei to største lokallaga er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen. Vestmannen og Målmannen er tidsskrift som kjem ut på høgnorsk.
Innhaldsliste |
[endre] Grammatikk
[endre] Bøying av namnorda
Høgnorske namnord og lagord vert bøygde i tal og bundenskap. Namnorda har tre kjønn; hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Desse har anten sterk eller linn bøying, som viser seg i endinga.
Døme på regelbundne sterke og linne namnord i alle kjønn:
eintal | fleirtal | ||
ubundi | bundi | ubundi | bundi |
(ein) dag | dagen | dagar | dagane |
(ein) hane | hanen | hanar | hanane |
(ei) tid | tidi/tida | tider | tidene |
(ei) visa/vise | visa | visor/visur | visone/visune |
(eit) hus | huset | hus | husi/husa |
(eit) auga | auga(t) | augo | augo |