Gustav II Adolf av Sverige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Sverige | 30. oktober 1611- 6. november 1632 |
Kroning | 12. oktober 1617 |
Motto | Gloria Altissimo Suorum Refugio ("Lovad vare den Högste, de sinas tillflykt") |
Dronning | Maria Eleonora av Brandenburg |
Kongehus | Fyrstehuset Vasa |
Etterfylgde | Karl IX av Sverige |
Etterfylgjar | Kristina av Sverige |
Fødd | 9. desember 1594 |
Fødestad | Stockholm |
Død | 6. november 1632 (juliansk kalender) eller 16. november (gregoriansk kalender) |
Dødsstad | Lützen i Tyskland |
Gravferd | 22. juni 1634 |
Gravstad | Riddarholmskyrkja, Stockholm |
Gustav II Adolf var konge av Sverige. Han vart fødd den 9. desember 1594 i Stockholm som son av kong Karl IX av Sverige og Kristina av Holstein-Gottorp. Andre namnevariantar er Gustaf II Adolf, Gustaf II Adolph, lat. Gustavus Adolphus, Gustav Adolf den store. Tilnamn Lejonet från Norden. Han døydde den 6. november 1632. Han var regent av Sverige 1611-32.
Barn med Maria Eleonora av Brandenburg (gift 1620):
- Dronning Kristina (1626-1689), dronning av Sverige 1644-1654
Barn med elskarinna Margareta Slots:
- Gustav Gustavsson av Wasaborg, fødd 24 april 1616
[endre] Krigarkongen
Gustav II Adolf er kjend for å ha kjempa i Trettiårskrigen. Han er rekna som den fremste svenske krigarkongen ved sidan av kong Karl XII av Sverige. Trettiårskrigen er rekna å ha vart mellom 1618 og 1648, og fann for det meste stad på området til det tysk-romerske riket, sentralt i Europa.
- I mai 1630 steig Gustav i land med hæren sin i Pommern. Den 6. juli gjekk han inn i Tyskland.
- I slaget ved Breitenfeld i september 1631, sigra Gustav over katolske styrkar leia av Tilly, sjølv etter at den allierte protestantiske Saxiske hæren var flykta.
- I slaget ved Lech i mars 1632, sigra Gustav over Tilly ei gong til. I slaget vart Tilly dødeleg såra.
- I april 1632 stod slaget ved Rain.
- I april 1632 la den svenske hæren München under seg.
- I september 1632 gjekk Gustav til åtak på festninga Alte Feste. Wallenstein kommanderte forsvararane og åtaket vart slege attende. Nokre leigesoldatar i den protestantiske hæren deserterte.
- I november 1632 i slaget ved Lützen, Gustav vart drepen, men svenskane vann over Wallenstein. Den svenske krigsinnsatsen vart vidareført av generalane Horn, Banér, Torstensson og kanslar Oxenstierna fram til freden i Westfalen.
[endre] Sjå òg
- Axel Oxenstierna
[endre] Litteratur
- Findeisen, Jörg-Peter (1996): Gustav II. Adolf von Schweden: der Eroberer aus dem Norden, ISBN 3222124256
- Junkelmann, Marcus (1993): Gustav Adolf (1594-1632). Schwedens Aufstieg zur Grossmacht, ISBN 3791713973