Florence Baverel-Robert
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florence Baverel-Robert (fødd 24. mai 1974 i Pontarlier i Franche-Comté) er ein fransk skiskyttar. Ho er olympisk meister i sprint frå OL i Torino i 2006.
Florence Baverel-Robert har vore med i verdscupen i skiskyting sidan 1994. Ho trenar med klubben Entente Sportive Saugette de Ski/EMHM.
I 1994/95- og 1995/96-sesongen kom ho på 7. plass i verdscupen samanlagt, men sidan har ho ikkje klard eit så godt samanlagtresultat. Før OL i Torino hadde ho berre ein individuell medalje frå store mesterskap, bronse frå jaktstarten i VM i Holmenkollen i 2000. I OL i Torino vann ho sensasjonelt gull på sprinten, noko som òg var hennar første verdscupsiger. Ho var òg med å ta bronsemedalje på stafetten.
Baverel-Robert vert rekna som ein svært god skyttar. Ho gifta seg i 2001 med skiskyttaren Julien Robert. Dei bur i Lièvre Mont nær den sveitsiske grensa.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- 7. plass (1994/95 og 1995/96)
- Verdsmeisterskap:
- 2 sølv, 2 bronse (beste individuelt: bronse på jaktstart, 2000)
- Olympiske leikar:
- 1 gull (sprint, Torino 2006), 1 bronse
- Verdscuprenn:
- 1 gull, 5 sølv, 4 bronse