Skiskyting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skiskyting er ein vinteridrett som er sett saman av fristil-varianten av langrenn og skyting med rifle. Han er ein av dei nordiske greinene.
[endre] Historikk
Idretten har utsprang i militærtrening for norske soldatar. Den første tevlinga me kjenner var i 1767, då kompani av grensepatruljar kjempa mot kvarandre. Øvinga blei utbreidd i dei andre nordiske landa, og i vinter-OL i 1924 var skiskyting med som demonstrasjonsgrein under namnet «militært patruljeløp». Det var ho òg i 1928, 1936 og 1948, men idretten blei ikkje ei offisielt godkjend grein på grunn av få deltakande nasjonar og usemje om reglande.
Det første verdsmeisterskapet i skiskyting blei arrangert i 1958 i Austerrike, og i 1960 kom ho endeleg med i OL.
[endre] Bakgrunnsstoff
Kategoriar: Skiskyting | Ski | Skyting