Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Holmenkollen - Wikipedia

Holmenkollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Holmenkollen hoppbakke om vinteren
Forstørr
Holmenkollen hoppbakke om vinteren

Holmenkollen ligg på toppen av Oslo, som inngangsport til Marka. Området vart tatt i bruk som rekreasjonsområde for over 100 år sidan. Somarstid er turgåing, fiske, sykling og kanopadling populære aktiviteter. Vinterstid er området ein ynda utfartsstad for folk i Oslo. Idag er Holmenkollen ein av Noregs mest kjende turistattraksjonar med over 1 million vitjande kvart år.

Innhaldsliste

[endre] Holmenkollbakken

Tårnet i Holmenkollbakken
Forstørr
Tårnet i Holmenkollbakken
Utsikt fra Holmenkollbakken med Besserudtjernet
Forstørr
Utsikt fra Holmenkollbakken med Besserudtjernet

Holmenkollbakken vart opna i 1892 med ein bakkerekord på 21,5 meter, men er ombygd mange gongar sidan. Bakken var arena for det olympiske hopprennet i 1952 samt VM i 1966 og i 1982. Bakkerekorden (2005) er 136 meter, og vart satt av Tommy Ingebrigtsen i NM-rennet 25. januar 2006. Tårnet ligg 60 meter over bakken og 417 meter over havet. Bakken er eit kjendt landemerke i Oslo, og han er også ein av dei mest kjende hoppbakkene i verda.

Det første hopprennet i Holmenkollbakken vart arrangert 31. januar 1892, med over 10 000 tilskodarar. Det første stillaset vart reist i 1914. Dåverande kronprins Olav deltok i Holmenkollrenna i 1922 og 1923. I 1946 kom over 100 000 tilskodarar til Fredsrennet for å hylle kong Haakon VII.

Det spesielle hopprennet under OL i Oslo i 1952 vart arrangert i Holmenkollen, og også då var det over 100 000 tilskodarar til stades. Holmenkollbakken var også arena for det spesielle hopprennet (stor bakke) i VM i 1966 og 1982. Den foreløpig siste utbygginga av bakken vart utført i 1992.

I dag har bakken eit kritisk punkt på 115 meter (bakkestorleik 128 meter). Bakkerekorden i Holmenkollen er 136 meter, satt av Tommy Ingebrigtsen i NM-rennet 25. januar 2006. Bakkerekorden for kvinner har Anette Sagen med 131 meter, også satt i NM 25. januar 2006.

[endre] Besserudtjernet

I botnen av bakken ligg om somaren Besserudtjernet. Der har mellom anna show-rennet "Ta Sjansen" vorte arrangert. Om vinteren vert vatnet tappa ut, og botnen av tjernet er sletta i hoppbakken. I dag er det plass til omlag 50 000 tilskodarar i Holmenkollbakken.

[endre] Ny bakke

25. mai 2006 vart VM i ski i [[2011] tildelt Oslo og det betyr samtidig at det vil bli bygd ein ny bakke i Holmenkollen og forbedringar av anlegget. Hoppbakken som står det no vil bli rive i 2007] og bygd opp i moderne utgåve. Han skal få eit K-punkt på 136 meter mot 128 i dag. I tillegg skal det byggjast eit permanent vindsegl som skal ta av 40 prosent av vinden for hopparane. Totalt vil den nye storbakken koste 310 millionar kroner.

I tillegg skal ein bygge ny normalbakke i Midtstuen og fem mindre bakkar. Langrennsstadion skal også bli betre med større tribunar og ny innspurt. Både Staten og Oslo Kommune har garantert for utbyggjinga.

I 2004 og 2005 gjekk Skiforbundet inn for å bygge eit nytt hoppanlegg i Rødkleiva i Oslo. Planane var å bygge ein middels stor hoppbakke som etter kvart skulle byggast ut til ein stor skiflygingsbakke. Politikerne sa imidlertid nei til å støtte eit slikt prosjekt.

[endre] Bakkerekordar

Utvalgde bakkerekordar (kilde: skisprungschanzen-archiv.de):

  • 1892: 21.5 m - Arne Ustvedt, Noreg
  • 1909: 31.0 m - Leif Berg, Noreg
  • 1918: 42.0 m - Josef Henriksen, Noreg
  • 1929: 50.0 m - Arvid Smedsrud, Noreg
  • 1939: 62.0 m - Sven Selånger, Sverige
  • 1947: 70.0 m - Olav Stavik, Noreg
  • 1962: 80.5 m - Toralf Engan, Noreg
  • 1968: 91.0 m - Bjørn Wirkola, Noreg
  • 1980: 105.0 m - Tom Levorstad, Noreg
  • 1985: 110.5 m - Heiko Hunger, DDR
  • 1994: 126.5 m - Mario Stecher, Østerrike
  • 1999: 131.0 m - Olav Magne Dønnem, Noreg
  • 2006: 136.0 m - Tommy Ingebrigtsen, Noreg

[endre] Skimuseet

Skimuseet i Holmenkollen har sidan 1983 låge i fjellet ved sidan av hoppbakken. Skimuseet i Holmenkollen er verdas eldste skimuseum for ski og skihistorisk utstyr.

[endre] Holmenkollen kapell

Holmenkollen kapell ligg like ved Holmenkollbakken. Det vart bygd i 1903, og gjenoppbygd i 1996 etter ein påsatt brann. Kapellet er ettertrakta for vigsler, og Kongefamilien har som tradisjon å feire jula med ei vitjing hit.

Holmenkollen kapell
Forstørr
Holmenkollen kapell

[endre] Transport

Bil: Køyr ring 3 og ta av ved Smestad, der det er skilta vidare til Holmenkollen.
T-bane: Linje 1 går frå sentrum til Holmenkollen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com