Elise Ottesen-Jensen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elise Ottesen-Jensen (2. januar 1886—1973) var ein norsk-svensk seksualopplysar, journalist og sosialistisk agitator som kjempa særleg hardt for kvinnenes rett til å forstå og styra over sin eigen seksualitet. Ho er rekna som ei føregangskvinne innan kvinnekamp og feminisme.
Ho vart fødd Elise Ottesen i Høyland kommune i Rogaland fylke som prestedotter, nummer 17 av ein barneflokk på 18. Høyland kommune gjekk i 1965 inn i Sandnes kommune, slik at mange gonger vert ho rekna å koma frå Sandnes. Elise Ottesen var frå 1915–1945 gift med fredsagitatoren Albert Jensen.
Medan ho vaks opp ville ho bli tannlege, men mista fingrar i ei ulukke og ende opp som journalist i staden. Etter at systera blei gravid og tok livet sitt på grunn av dette, starta ho ein kamp for rett til seksualopplysing og abort for kvinner. Den skulle vara i femti år.
Ho var verksam i Sverige frå 1919, og grunnla Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) i 1933. RFSU er ein ideell organisasjon som driv med informasjon om emne knytt til seksualitet.
Spreiing av informasjon om emne knytt til seksualitet var lenge nærast tabu, og til dels ulovleg. Ho la vekt på å informera om kontroversielle emne som prevensjon og abort.
Ottesen-Jensen gjekk under tilnamnet Ottar. Den norske feministiske kvinnegruppa Ottar er oppkalla etter henne.