Edvard VII av Storbritannia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard VII, engelsk: Edward VII (Albert Edward) (9. november 1841 - 6. mai 1910) var den fyrste britiske monark av fyrstehuset Saxen-Coburg-Gotha. I tillegg til å vera konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, og britiske oversjøiske koloniar, var han og keisar av Britisk India. Han regjerte frå då mor si, Victoria av Storbritannia, døydde den 22. januar 1901. Han var konge fram til han døydde den 6. mai 1910. Før han vart konge hadde han tittelen Prince of Wales (prins av Wales). Edvard er den som til no har vore kronprins i lengst tid i britisk og engelsk historie.
Forgjengar: |
Konge av Det britiske samveldet og keisar av India | Etterfylgjar: |