Den intertropiske konvergenssona
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den intertropiske konvergenssonen eller ITCZ (engelsk forkorting frå InterTropical Convergence Zone), er eit lågtrykksbelte som omkransar jorda ved ekvator. Som namnet impliserer blir han danna ved at varm, fuktig luft frå breiddegradene over og under ekvator konvergerer (møtest).
Luft blir dregen inn i ITCZ på grunn av hadleyceller, ein mesoklimatisk atmosfærisk eigenskap som er del av planetens distribusjonsystem for varme og fuktigheit. Hon blir dregen opp av den konvektive effekten til torestormar. Regionar under ITCZ har nedbør meir enn 200 dagar i året.
Plasseringa til ITCZ varierer over tid ettersom han flytter seg fram og tilbake over ekvator etter kvar sola er i senit. Han har også ein dagleg syklus der cumulusskyer utviklar seg rundt middag og utviklar seg til toreskyer frå midten til slutten av ettermiddagen.
Variasjon i plasseringa av ITCZ har stor effekt på nedbøren i mange ekvatoriale nasjonar, noko som fører til våte og tørre årstider i staden for varme og kalde, som er vanleg ved høgare breiddegrader. Langtidsendringar av ITCZ kan føre til alvorleg tørke eller flaum i nærliggjande område.
På grunn av styrken til hadleycellene på kvar side, kan ikkje vêrsystem folk på høgare breiddegrader er vande med utvikle seg — resultatet er at det ikkje utviklar seg vind. Horisontal rørsle er berre eit resultat av luft som på grunn av konveksjon stig opp og blir erstatta, noko som er ein treig prosess.
Tidlege seglarar kalla dette rolege beltet for «stillebeltet» eller «the doldrums» (engelsk for å vera nedstemt, dyster, deprimert eller ha stagnert) på grunn av vindmangelen. Å befinna seg i denne regionen kunne bety døden når vind var den einaste måten å flytte seg på, og det var uansett ikkje ein særleg god opplevelse å sitja fast midt ute i havet i eit varmt, fuktig klima utan det minste vindpust til segl eller for sveitte panner. Ofte tok ikkje vinden seg opp att før sola sitt senitpunkt flytta seg nordover eller sørover, og stillebeltet fulgte etter.