Creative Commons
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Creative Commons er ein organisasjon som har som mål å gjera det enklare å spreia kultur ved gjera fleire kunstverk lovleg tilgjengelege for kopiering og endring. For å gjera dette prøver dei å finna ein mellomting mellom tradisjonell opphavsrett og offentleg eigedom.
Laget har mellom anna stått for utviklinga av ei rekke lisensar som ein opphavsrettshaldar kan bruka til å avgrensa opphavsretten sin så mykje han vil. Lisensane er formulerte på eit enkelt språk og markerte med logoar med peikarar til ein meir detaljert omtale. Dei blei opphavleg utforma med tanke på rettssystemet i USA, men internasjonale medlemmer frå fleire land har òg prøvd å tilpassa dei til sine rettsområde.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |