Christer Fuglesang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Christer Fuglesang født 18. mars 1957), er ein svensk astronaut som jobbar hjå den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Fuglesang vart den første skandinaven i verdsrommet då han reiste med romferja Discovery til Den internasjonale romstasjonen, den 10. desember 2006. Med seg hadde han ein iPod med gamle ABBA låter.
[endre] Utdanning
Christer Fuglesang er født i byen Stockholm i Sverige. Han har norsk far, medan mora er svensk. Han byrja studere teknisk fysikk ved Kungliga tekniska högskolan i 1975 og vart sivilingeniør i 1981. Han tok videregåande studier i eksperimentell partikkelfysikk ved Stockholms universitet, gjekk ut i 1987 og vart førelesar i 1991. Han jobba nokre år ved CERN, før han han vart vald ut til å bli ein av romfartsorganisasjonen ESA sine astronautar.
[endre] Euromir
I august 1993 vart Christer Fuglesang valgd ut som ein av to ESA-astronauter som skulle trena til oppdraget Euromir 95 ved romfartssenteret utenfor Moskva saman med tyske Thomas Reiter. Fuglesang vart ikkje utpeika til primærbesetninga, men vart istaden Crew Interface Coordinator ved bakkestasjonen i Kaliningrad.
[endre] Oppdragsspesialist
I august 1996 begynte Fuglesang treninga med Nasas oppdragsspesialister og ble ferdig med utdannelsen i april 1998, da ble han en godkjent og kunne bli med ombord ein romferje.
Mal:Wikinytt
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |