Venezuela
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
Offisielle språk | Spansk | ||||
Hovudstad | Caracas | ||||
Styresett |
Republikk Hugo Chávez |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
912 050 km² (33.) 0,3 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
25 375 281 (45.) — 28/km² (145.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Spania 5. juli 1811 1821 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
153 331 mill. USD (53.) 5 801 USD (97.) |
||||
Valuta | Bolívar | ||||
Tidssone | UTC -4 | ||||
Nasjonalsong | Gloria al Bravo Pueblo | ||||
Nasjonaldag | 5. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +58 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ve | ||||
Venezuela er ein republikk i Sør-Amerika som grensar til Colombia, Brasil og Guyana.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Venezuela har mange ulike landskapstypar. I nordvest og langs den karibiske kysten i nord ligg ei forlenging av Andesfjella, der det høgaste punktet er Pico Bolivar, som ragar 5 007 m over havnivå. I nordvest finst òg lavsletter rundt Maracaibo-sjøen og attmed Venezuelagolfen. Midt i landet ligg store sletteområde kjende som llanos. Dei strekkjer seg frå grensa mot Colombia til Orinoco-deltaet. Sør i landet ligg dei forrivne Guiana-høgslettene, med fleire tepuiar. Frå ein av desse tepuiane fell Angelfossen, som er verdas høgaste foss.
Caracas er hovudstad og den største byen i landet. Andre store byar er Maracaibo, Barquisimeto, Valencia, Maracay og Guayana by.
[endre] Administrativ inndeling
Venezuela er delt inn i 23 delstatar (estados), eitt hovudstadsdistrikt (Distrito Capital) og eitt føderalt område (Dependencia Federal):
- Amazonas
- Anzoátegui
- Apure
- Aragua
- Barinas
- Bolívar
- Distrito Capital
- Carabobo
- Cojedes
- Delta Amacuro
- Falcón
- Dependencia Federal
- Guárico
- Lara
- Mérida
- Miranda
- Monagas
- Nueva Esparta
- Portuguesa
- Sucre
- Táchira
- Trujillo
- Vargas
- Yaracuy
- Zulia
[endre] Klima
Venezuela er klimatisk sett eit uvanleg land i Sør-Amerika fordi april til okobter er tida på året det kjem mest regn. I vest av landet har ein noko som kan likne ei dobbel regntid, som i Colombia. Det nordlege låglandet, særleg mot vest har overraskande tørt klima til å vere eit tropisk område. Ein meiner at dette kjem av retninga på kystlinja i forhold til den nordaustlege passatvinden.
Andesfjella i Venezuela er lågare og smalare enn i Colombia, Peru og Bolivia, men ein har fleire toppar som stig over 4500 m som har snø året rundt. Ein har mange lokale variasjonar i vêret og klimaet som følgje av høgda, og ein har tre lokale klimasoner her kalla tierra caliente, tierra templada og tierra fria. Dei nordlege fjellsidene har stort sett mindre regn enn den sørlege sida. Caracas som ligg på rundt 1000 m over havet har klimatypen tierra templada, men er relativt tørr. Den årlege nedbørsmengda i fjella er vanlegvis over 1000 mm, men er mindre i enkelte verna dalar og på nordsida av fjella. På kysten aukar regnmengda frå svært låge mengder nær Maracaibosjøen til rundt 1000 mm i aust. Låglandet rundt Maracaibosjøen er varmt året rundt.
I Llanosområdet i Orinocodalen er det vanlegvis varmt tropisk klima med ei enkel regntid mellom april og oktober. I dette området kjem det stort sett mellom 1000 og 1500 mm i året. Temperaturane varierar lite frå månad til månad, og ein har eigentleg aldri kjøleg vêr. Dei våte månadane kan derimot vere ubehagleg på grunn av kombinasjonen varme og høg luftfukt.
I søraust ligg Guyanaplatået, og her kjem det som regel meir regn, vanlegvis over 1500 mm kvart år, men med ei klar tørketid på vinteren. Temperaturen er ikkje så høg på grunn av høgda, og fukta er generelt lågare enn i Llanos.
Sør-Amerika |
Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama |
[endre] På verdsveven
[endre] Litteratur
Kalle Holmqvist - Venezuela och drömmen om ett nytt Amerika (Murbruk förlag), 2006. ISBN:9197636002 (svensk)
Olivia Burlingame Goumbri -Venezuela Reader: The Building of a People's Democracy ISBN: 0918346355 (engelsk)
[endre] Regjeringssider
- Gobierno en Línea - Den offisielle regjeringsportalen (på spansk)
- Presidencia de la República de Venezuela - Den offisielle president sida (på spansk)
- Asamblea Nacional - Den offisielle parlamentsida (på spansk)
[endre] Media og kommunikasjon
- Globovisión - Venezuelsk nyhendekanal
- Unión Radio
- Diario El Universal
- Diario El Nacional
- Diario Tal Cual
- VHeadline.com
- Venezuelanalysis.com
- Noticias de Venezuela (på spansk og engelsk)
[endre] Kultur, foto og turisme
- Efemérides Venezolanas (på spansk).
- Venezuela i foto (på spansk).
- Venezuela Tuya (Venezuela Yours - Le Venezuela Votre): A country to love - Venezuelsk turistportal.
[endre] Anna
- Ramón J. Velásquez si regjering
- Brev frå Venezuela
- Utviklinga til venezuelske papirpengar - Frå 1933 til i dag.